Se også: Spillelistene i NRK radio
Mange gode norske musikkutgjevingar gjer at musikksjef Per Ole Hagen neste veke kan tilby lyttarane ei heilnorsk a-liste på P1.
Hundre prosent norsk
Måndag 27. februar blir a-lista på P1 hundre prosent norsk. Dette inneber at lista over musikk med snøggast rotasjon er heilnorsk.
- Det er langt mellom dei verkeleg gode utanlandske utgjevingane for tida. Samstundes kjem det mykje god norsk musikk. Då det bare var ei utanlandsk låt på a-lista denne veka, var det derfor ikkje vanskeleg å byte den ut med ei norsk slik at vi fekk ei heilnorsk a-liste, seier musikksjef Per Ole Hagen i P1.
Ferskvareliste
A-lista er ifølgje musikksjefen ei ferskvareliste for musikk. Den skal reflektere det beste av ny musikk.
Også på b- og c-lista dominerer norsk musikk neste veke. På b-lista er 10 av 11 og på c-lista er 8 av 9 songar norske.
NRK har sidan 1993 hatt ei målsetting om at minst 40 prosent av musikken på NRK P1 skal vere norsk. Og minst 30 prosent av musikken skal vere norskspråkleg.