Hopp til innhold

Heidi Ruud Ellingsen: – Eg kjenner på ærefrykt

Heidi Ruud Ellingsen er ein av Noregs fremste musikalartistar. Likevel går ho inn i Stjernekamp med skrekkblanda fryd.

Stjernekamp 2021: Heidi Ruud Ellingsen

PREMIEREKLAR: Heidi Ruud Ellingsen er klar for premiere på Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Eg har nok ein mentalitet som nokon gongar kan gjere meg søvnlaus. Eg kastar meg alltid ut i ting eg veit kostar meg enormt mykje.

Heidi Ruud Ellingsen er nettopp ferdig med prøvene til laurdagens Stjernekamp-nummer og sit nå henslengt i ein sofa på opphaldsrommet.

Det alvorlege og tankefulle uttrykket i andletet hennar blir plutseleg avbrote av ein humrande latter.

For slik er det med artisten og skodespelaren; sjølv når ho går inn i djupe refleksjonar har ho alltid ein latter på lur.

På laurdag er det altså premiere på årets Stjernekamp, og Ellingsen er ein av ti deltakarar som skal kjempe om å bli «Noregs største entertainer».

Trass i mykje sceneerfaring, var dette nok eit hav ho følte ho kasta seg ut i.

Heidi Ruud Ellingsen i under prøver før premieren på Stjernekamp 2021

«Min tur»: Heidi Ruud Ellingsen har vald låten «Min tur» frå musikalen Flashdance. Her under prøvene.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

«Dette er eg livredd for»

– Eg likar å halde fast i tanken: «Dette er eg livredd for, og då gjer eg det. For då lærer eg sikkert mykje».

Ho fekk det store gjennombrotet i musikalen «Singin’ in the Rain» etter å ha vunne NRK-konkurransen Drømmerollen i 2007.

Sidan har det vore lite kviletid for narvikingen.

Etter musikalgjennombrotet har ho spelt hovudroller i ei lang rekkje oppsetjingar på norske teater. Deriblant «Les Misérables», «Mary Poppins» og Gålå-spelet «Peer Gynt» og ikkje minst «Flashdance».

Sjå Flashdance-entréen til Heidi Ruud Ellingsen da ho gjesta Lindmo under:

Feministisk prosjekt

Ho har blitt tildelt Musikkteaterprisen to gongar. Den breidda ho har som skodespelar, allsidigheita og kreativiteten får også utlaup som skaparkraft for eigne prosjekt.

For etter å ha spelt karakteren Solveig i Peer Gynt på Gålå fann ho ut at ho ville lage eit eige dramastykke om kvinna som brukte heile livet sitt på å vente på ein mann – attpåtil aleine på ei gudsforlatt hytte.

– Solveig er ei av verdslitteraturens minste hovudrolle. Ho ventar på Peer gjennom vinter og vår, og som skodespelar i stykket må du også vente i tre timar, ofte i kulda, med fem vaflar innanbords før det er din tur på scena igjen, seier Ellingsen før ho skrattar høgt.

Heidi Ruud Ellingsen i forkant av premieren på Stjernekamp 2021

GLER SEG: Heidi Ruud Ellingsen elskar å formidle historier, og ho gler seg til å gjere nettopp det under Stjernekamp.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Ho byrja å lage sin eigen bakfabel, og vart vidare nysgjerrig og utolmodig på å fortelje heile historia. Solveig-karakteren vart ein personifisering på alle desse ufortalde historiene.

– Eg hadde lyst til å fortelje den fulle, komplette historia til ei kvinne, at rolla ikkje berre skulle fylle ein funksjon for ein mann. Så det vart eit feministisk prosjekt på mange måtar.

– Eg har ei nysgjerrigheit

Som frilansar har ho mykje å halde på med.

– Og eg elskar det, seier ho entusiastisk.

Det er ikkje overraskande. I oppveksten i Narvik dansa ho ballett, song i kor, spelte ishockey og fiolin. Alt på ein gang.

– Eg er ikkje hyper, men ja, eg har ei nysgjerrigheit. I tillegg er eg sosial av meg. Eg er takksemd for å ha ein jobb der eg får samarbeide med og møte så mange menneske i kreative prosessar.

Prøver Stjernekamp 2021

FELLESNUMMER: Kevin Mbugua, Bjørn Tomren, Carina Dahl, Marius Roth Christensen, Alexandra Rotan, Heidi Ruud Ellingsen, Fredrik Domaas, Chand Torsvik, Anna-Lisa Kumoji og Jorun Stiansen øver seg til fellesnummer.

Foto: Helene Amlie / NRK

Etter ei tid med koronapandemi og dermed også færre førestillingar gler ho seg til å stå på scenen for eit publikum og TV-sjåarar igjen i haustens Stjernekamp.

– I dansen eg finn styrke

I fyrste sending skal artistane synge eigen sjanger, og det blir stor musikalsk variasjon, frå pop, trønderrock, blues, R&B og soul til musikal og opera.

Sandra Lyng og Tshawe Baqwa skal vere gjestedommarar. Alle låtvala kan du sjå her.

Ellingsen har vald songen «Min tur» frå musikalen Flashdance.

– Eg hadde lyst til å ha eit momentum av noko med energi der eg fekk bruke dansen og mitt eige språk. Det var dansen som fekk meg inn i teateret, og det er ofte i dansen at eg finn styrke.

Songen kjem på ein stad i musikalen der karakteren skal inn i noko skummelt, nemleg det å søke seg inn på eit svært prestisjefullt ballettakademi.

Heidi Ruud Ellingsen i under prøver før premieren på Stjernekamp 2021

TILBAKEMELDING: Heidi Ruud Ellingsen øver og terpar før Stjernekamp-premieren.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Det kjentest ut som at det var noko likt med det at eg skulle inn i Stjernekamp. Det er noko eg kjenner meg både veldig sårbar og sterk i, og noko eg har skrekkblanda fryd for. Songen passa inn i settinga. Og den kjensla er attkjennande for folk.

– Blir utruleg grepa av det

Hip-hop-sjangeren er den ho gler seg mest til – med atterhald om at ho kjem så langt. Ho smiler bredt når ho fortel at ho har bestemt seg for ein låt frå den nordnorske hiphop-bautaen Tungtvann.

Men ho blir med eitt meir alvorleg når ho tenker på kva sjanger ho er mest spent på, nemleg joik.

– Eg kjenner på ærefrykt, og har ein enorm respekt for joik. Det er eit urfolk sitt musikalske uttrykk og ein kultur som ein vil forvalte på ein riktig og verdig måte. Eg har veldig lyst til å få det til, seier ho og blir emosjonell.

– Det er noko med den ordlause måten å uttrykke kjensler på. Når orda ikkje strekker til så kan ein danse det, eller spele lyden av det. Joiken er også ein slik måte, den går forbi orda, og går rett inn. Når eg høyrer på det å bli eg utruleg grepa av det.

Heidi Ruud Ellingsen etter prøver før premieren på Stjernekamp 2021

I KULISSANE: Heidi Ruud Ellingsen backstage etter øvinga.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Dedikert fan

Ellingsen har lenge vore dedikert fan av Stjernekamp, og har sett kvar einaste sending. Ho har fått tilbod om å vere med tidlegare, men har alltid vore kontraktert ein annan plass.

– Eg har nokon gongar kjent på at eg har vore litt glad for det, for eg har trunge tid på å seie ja.

Men på laurdag er det ho som skal ut i elden og konkurrere mot Chand Torsvik, Carina Dahl, Fredrik Domaas, Jorun Stiansen, Bjørn Tomren, Alexandra Rotan, Kevin Mbugua, Anna-Lisa Kumoji, Marius Roth Christensen.

Stjernekamp: Mona B. Riise og Kåre Magnus Bergh

DOMMAR OG PROGRAMLEIAR: Mona B. Riise er fast dommar i dommarpanelet. Kåre Magnus Bergh er programleiar.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Vi heiar på kvarandre og blir inspirert av kvarandre. Vi er så ulike artistar uansett, og alle er heilt unike. Det er rett og slett ein knallbra gjeng, seier ho.

Trass i det kjenner ho på nervane før premieren. Aller verst var det i sommar, men ho ville ikkje ha vore forutan.

– Det kjem alltid katastrofetankar før ein premiere. Viss dei ikkje kjem er det noko gale. Men dei slepp taket akkurat i tide, og blir til offensiv energi, og nå berre gler eg meg.

Det er jo dette eg elskar mest.

Premieren på Stjernekamp ser du på NRK 1 laurdag 28.08.

Kulturstrøm

  • Også Nederland sier nei til TikTok

    Nederlandske embetsmenn vil snart ikke lenger få bruke den kinesiskeide appen TikTok på jobbtelefonene sine. Det opplyste det nederlandske innenriksdepartementet tirsdag, etter lignende avgjørelser fra andre europeiske land, deriblant Norge.

    TikTok
  • Justisdepartementet fraråder TikTok på tjenestetelefoner

    Justis- og beredskapsdepartementet fraråder Tiktok og Telegram på tjenestetelefoner i departementene etter en vurdering fra Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).

    – Jeg støtter NSMs vurdering. Derfor kommer Justis- og beredskapsdepartementet i dag til å sende brev til alle departementer der vi fraråder å ha Tiktok og Telegram på tjenesteenheter. Dersom det er tjenstlig behov for å ha disse appene, bør det være på en egen enhet som ikke er tilknyttet virksomhetens digitale systemer, sier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), i en pressemelding.

    Hun mottok NSMs vurdering mandag.

    Tiktok er kinesisk-eid. Meldingstjenesten Telegram var opprinnelig russisk, men har nå sitt hovedkontor i Dubai.

    TikTok
    Foto: LOIC VENANCE / AFP