I 1978 sendte det toppmoderne frakteskipet München ut eit kort ”mayday” frå ein stad midt i Atlanteren. Så blei det stille. München forsvann sporlaust med heile mannskapet på 27. Forsvinninga utløyste ei av historias største ettersøkingar. Einaste funn var ein tom redningsbåt som med stor kraft var blitt riven av opphenget på skipet. Forliset av München fekk forskarane på tanken om at voldsame krefter er i sving ute på havet. Det finst bølgjer der ute som er ekstreme. Monstra var inga myte.
Korleis blir monstra skapt
Her er eit døme på ei stor bølgje. Foto: Øyvind Halkjelsvik, Rolls Royce
Havoverflata ligg sjeldan heilt i ro. Nesten alltid er det krusingar og bølgjer som kan veksla i høgd, frå nokre få millimeter til 20-30 meter. Det er vinden som lagar bølgjene, og den sterkaste vinden lagar dei største bølgjene. Men også avstand spelar ei rolle, avstanden vinden bles bølgjene over. Jo større fritt havstrekk, jo større blir bølgjene. Ein storm på havet kan laga kjempestore bølgjer, men den same stormen maktar ikkje å laga like store bølgjer i eit lite vatn.
Ute på verdshava finst mekanismar som kan konsentrera bølgjeenergien på ein bestemt stad. Nye undersøkingar av korleis monsterbølgjene oppstår, støttar seg til kaos og sjølvfokusering. Kaos betyr rett og slett at bølgjene veks opp ved tilfelle. Med andre ord, ting som er vanskeleg å setta inn i enkle matematiske formlar. (Det går an å setta monsterbølgjene inn i vanskelege matematiske formlar, som Schrödingers likning! Vil du vita meir om korleis me kan forstå monstra ved hjelp av Schrödingers likning og kvantefysikk, les: Monsterbølgjer ingen trodde fantes.)
Det ein trur kan vera årsaka til at monstra blir til, er at ei bølgje syg til seg energi frå bølgjene kring seg. Dermed blir det ei oppsamling av energi i ei bølgje. Derfor kan det fyrst komma ei mengd små bølgjer, og så brått ei bølgje som er mykje større. For å seia det enkelt: små bølgjer stablar seg opp til ekstreme bølgjer.
Den sjuande bølgja
Filmplakat fra filmen om Papillon og Henri Charrière. Foto: NRK-arkiv.
Viss du set deg nede ved havet og ser på bølgjene som slår inn mot land, vil du oppdaga at bølgjene kjem i grupper. Dei 2-3 midtarste av 7 bølgjer er større enn dei andre. Dette blei brukt av den livstidsdømte fangen Henri Charrière då han rømte frå eit fengsel i Karibia. I boka hans, "Papillon", skildrar han korleis han utnytta at den sjuande bølgja er større enn dei andre. Då den sjuande bølgja kom, hoppa han i havet og blei teken av dragsuget og dregen langt nok ut til å sleppa unna fangenskap.
Fleire monsterbølgjer
1. nyttårsdag 1995 trefte ei bølgje på 26 meter riggen Draupner i Nordsjøen. Utrulig nok, gjorde bølgja ingen skade. Foto: Statoil
1. januar 1995 lukkast det for fyrste gong å observera ei kjempebølgje med moderne teknikk. Under ein storm med 12 meter høge bølgjer, blei boreplattforma Draupner i Nordsjøen treft av ei 26 meter høg bølgje.
Februar 1933 var det amerikanske skipet, Ramapo, på veg frå Manila til San Diego. Undervegs kom skipet inn i ein storm som varte i sju dagar. Bølgjene tårna seg opp der dei for fram over ope hav i tusnar av kilometer over Stillehavet. 6. februar var stormen på det kraftigaste. I dei tidlege morgontimane såg ein offiser som sto vakt på brua, ein kjempesjø bak båten. Ei bølgje på 33 meter!
I februar 2001 slo nok eit monster til. Cruisebåten Caledonian Star blei råka av ei bølgje på 30 meter under ein storm i Sydhavet. Skipet fekk hard medfart. Brua (styrehuset) blei oversømd, og dei fleste av instrumenta om bord blei knuste. Likevel klarte skipet å koma seg til nærmaste hamn.
Dei siste 20 åra er meir enn 150 skip forlist. Ofte er det ingen overlevande eller spor som kan peika på ei forklaring. Nokre av desse skipsforlisa, som så langt har vore forklart med at skipa har vore i dårlig stand, eller at mannskapet om bord har vanskjøtta jobben sin, kan truleg forklarast med kjempestore bølgjer. Monsterbølgjer.
Sendt i Newton søndag 7. november 2004.
Kjelder:
· Ekstreme bølger — havets spøgelser. Ingeniøren 14.11.03 (Dansk tidsskrift)
· Ekstreme havbølger av Anne Karin Magnusson. Artikkel frå tidsskriftet Naturen (NR 1 1997)
· Havet. Dr. N. C. Flemming (bok)
· Havet omkring oss. Rachel Carson (bok)
· Monster forut! Av Tor H. Monsen. Gemini.
· Monsterbølgene ingen trodde fantes. Schrödingers katt sine nettsider.