Hopp til innhold

Håvard og Marte

På LIPA-skolen i Liverpool møtte Håvard Lothe og Marte Helleseter kvarandre. Då Håvard hadde eksamenskonserten sin i heimbyen Florø hadde han Marte med seg på vokal.

Håvard og Marte
Foto: Roger Eltvik

På laurdag kan du sjå Håvard og Marte framføre ”Beautiful ways” av Håvard Lothe, den songen kan du og sjå dei spele på musikkvideoen sin .

Tidleg start

Håvard og Marte byrja tidleg å synge og spele. I dag har begge bachelor i musikk frå den kjente LIPA-skolen (Liverpool Institute for Performing Arts). Og begge to fekk ein tidleg smak på musikklivet.

- Eg var trommis i danseband då eg var ni år, noko som innebar at eg blei jaga heim etter å ha spelt i bryllaup då dei vaksne skulle opne ølboksane, fortel Håvard.

Marte sin smak på musikklivet fekk ho allereie i barnehagen.

- Eg byrja i musikkbarnehage då eg var fire år, men eg har sunge frå eg kunne snakke.

LIPA

Håvard og Marte
Foto: Roger Eltvik

Begge to har altså gått tre år på den kjente LIPA -skulen som Paul McCartney har starta. Både Håvard og Marte følar at dei har fått mykje igjen for desse åra i Liverpool

- Eg er veldig glad for at eg har budd tre år i England, det har eg lært mykje av, både som songar og som menneske, fortel Marte.

Håvard hadde og ei god tid på skolen. Ei av dei største opplevingane i livet til Florøguten er frå tida i England.

- Det må vere då eg fekk spele ein av låtane mine for Paul McCartney og hans dåverande kone i einerom, og eg fekk han til å synge med på refrenget.

Kva vil de bruke pengane de vinn til?

- Pengane skal gå med til ein Taylor-gitar eg har sett meg ut, og resten skal går til promotering av plata eg skal gi ut i slutten av april, fortel Håvard.

Marte har og planar for korleis pengane skal brukast.

- Eg vil kjøpe utstyr som eg treng til å jobbe med song og låteskriving, og eg vil fortsette å ta songtimar her i Norge og i utlandet.

På gøy med Håvard og Marte:

Er det noko du er spesielt dyktig til?

Håvard: - Eg treng vekkeklokke for å rekke matbutikkar, men det er nok fordi eg driv med musikk heile natta, noko som i mange år har vore familien min si store fortviling.

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

Marte: - Det er heilt umogleg for meg å koke ris utan å bruke "Boil in a bag".

Er det noko du er spesielt dyktig til?

Håvard: - eg er utruleg distrè. På eit år mista eg ni gitartunere som kvar for seg kosta 400 kroner. Då var eg student og fattig i tillegg.

Kva er det mest ”nerdete” ved deg?

Marte: - Eg er stor Harry Potter fan, les bøkene for tredje gang no.

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.