Hopp til innhold

«Hermine» er blitt motestjerne

Emma Watson, betre kjent som Hermine i «Harry Potter»-filmane, er lei av barnestjerne-stempelet. No poserer ho på framsida av Vogue for første gong.

Emma Watson

Emma Watson er på coveret av Vogue denne månaden. Ho fortel mellom anna om korleis det har vore å spele Hermine Grang i så mange år.

Foto: Ap

«Harry Potter»-stjerna Emma Watson er blitt tatt inn i varmen av motebransjen. Denne månaden er ho på framsida av eit av verdas største motemagasin, amerikanske Vogue.

Ho er fotografert av Mario Testino, som står bak nokre av dei mest ikoniske Vogue-covera opp gjennom historia, mellom anna av prinsesse Diana av Wales og Kate Moss. Watson poserer i kjolar frå kjende designarar som Calvin Klein, Louis Vuitton og Prada.

MTV Movie Awards Show

Emma Watson under MTV Movie Awards Show nyleg.

Foto: Matt Sayles / Ap

Får skryt for klesstilen sin

Til hausten blir ho å sjå i reklamekampanjar for sistnemnde motehus og ho er eit av ansikta til kosmetikkgiganten Lancóme. I 2009 var ho med i reklamekampanjar for det britiske luksusmerket Burberry og ho har tidlegare blitt intervjua i italienske Vogue. Alt i ein alder av 21 år.

I intervjuet i Vogue fortel Watson mellom anna at ho har prøvd seg som designar av eit økovenleg klesmerke, People Tree. Ho har også samarbeida med den italienske designaren Alberta Ferretti om fem plagg som kom i butikkane i mars i år.

Watson får mykje skryt for klesstilen sin og har ein sterk posisjon som it-jente i motebransjen.

Sjå traileren til den siste «Harry Potter»-filmen:

Seier farvel til Hermine

Emma Watson

Slik ser heile juli-framsida til amerikanske Vogue ut.

Foto: Ap

Ho er aktuell med siste del av Harry Potter-filmane, «Harry Potter og Dødstalismanene, del to», som har premiere natt til 13. juli. Billettsalet er i gong, og fansen har stått i kø i opptil to veker for å sikre seg billettar. Dette blir siste gong 21-åringen er å sjå i rolla som Hermine.

Ved sidan av innspeling av Harry Potter-filmane har Watson studert ved prestisjeuniversitetet Brown.

Ho har sagt ja til å spele i filmen «The Perks of Being A Wall Flower», også den basert på ei bok, men elles langt unna «Harry Potter»-universet.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.