Hopp til innhold

Kulturstrøm

  • Annie Ernaux vinnar Nobelprisen i litteratur

    Den franske forfattaren Annie Ernaux vinnar nobelprisen i litteratur.

    – Det er ein stor ære og ansvar, seier ho ifølgje AFP.

    Ho er fødd 1. september 1940 i byen Lillebonne i Frankrike.

    Hennar forfattarskap har i stor grad vore prega av oppveksten i ein arbeidarklassefamilie i Frankrike. Ho skriv gjerne med utgangspunkt i eiga liv, men tar opp politiske tema.

    Ho har allereie fått fleire franske og internasjonale litteraturprisar, mellom anna Renaudot-prisen for gjennombrotsromanen Far (1983).