Hopp til innhold

Protesterer mot Hard Joik Cafe

Ein samisk språkskule ønskja ei meir moderne formidling av eigen kultur og har fått godkjent Hard Joik Cafe som varemerke. Men restaurantkjeda Hard Rock Cafe setter seg på bakbeina.

Hard Rock Cafe

HARD ROCK CAFE: Hard Rock Cafe er ei kjend kjede med restaurantar over heile verda

Foto: AMR ABDALLAH DALSH / Reuters

– Vi er i ein prosess der vi ønskjer å fornye oss. Vi har fått ein del innspel frå ungdomar der dei ønskjer ei meir moderne ramme i formidlinga av eigen kultur, seier Lars Gunnar Marken, dagleg leiar ved sørsamisk kunnskapspark.

For å gjere det meir morosamt for elevane å lære om joik og eigen kultur har skulen kalla delar av opplæringa for Hard Joik Cafe.

Språkskulen driv med fjernundervisning av samiske språk, men elevane samlast også ved internatskulen i Hattfjelldal i Nordland i løpet av året. Og då er det fleire flinke musikarar som hjelper dei med undervisninga, fortel Marken. Eit dømer er Charlotta Kappfjell.

– Det er eit konsept som vi ønskjer å bruke på språksamlingane i forbindelse med undervisning i joik, tradisjonskunnskap og innlæring av språk.

Hard Joik Cafe

Skulen har fått registrert Hard Joik Cafe som eit varemerke hos Patentstyret. Etter at fleire av elevane har opplevd at frasen har blitt brukt til å gjere narr av kulturen deira.

– Gjer ein eit lite søk på google, så ser ein at det brukast i ein del samanhengar som kanskje ikkje fremmar eit positivt syn på det å vere same.

Lars Gunnar Marken, dagleg leiar ved sørsamisk kunnskapspark.

Namnet er brukt i forbindelse med fest, parodiar på Hard Rock Cafe og på det samiske. No ønskjer elevane å ta tilbake definisjonsmakta over det å vere samisk ungdom i 2020.

Ikkje eit problem

– Vi får ikkje inn mange søknadar som gjeld samisk musikk eller kultur. Slik sett er det spanande at det har kome ein søknad frå Hard Joik Cafe, seier Knut Andreas Bostad som er seksjonssjef i Patentstyret.

Knut Andreas Bostad, Patentstyret

Knut Andreas Bostad, seksjonssjef i Patentstyret.

Foto: Trond Isaksen / Patentstyret

Dei held orden på kven som har rettigheitene til ulike varemerke i Noreg.

Før dei godkjente og registrerte Hard Joik Cafe vurderte dei om frasa på noko vis kunne verke støytande, eller på eit anna vis kan vere problematisk opp mot den samiske kulturarven.

Etter å ha vurdert namnet opp mot Hard Rock Cafe, kom dei fram til at likskapen ikkje var eit problem.

– Vi fann ut at merka ikkje kan forvekslast. Vi meiner at dei kan registrerast ved sidan av kvarandre og at det gir eit heilskapsinntrykk når ein ser merka ved sidan av kvarandre.

Men den internasjonale restaurant og bar-kjeda Hard Rock Cafe likar konseptet dårleg og har protestert.

Bilete av Hard Rock Cafe i hong Kong

KLAGAR: Hard Rock Cafe meiner at Hard Joik Cafe er for likt deira varemerke og klagar til patentstyret.

Foto: MAY JAMES / AFP

Klagar på godkjenninga

Hard Rock Cafe meiner at sjølv om joik og rock er ulike sjangrar, så er begge deler musikk og at varemerka difor er for like. Dei har klaga på godkjenninga av Hard Joik Cafe fordi dei meiner at det nye namnet krenker rettigheitene til den kjende og etablerte kjeda.

Restaurantkjeda ønskjer ikkje å stille til intervju med NRK, men skriv dette i klaga til patentstyret:

Innsiger anfører for det andre at assosieringen vil føre til urimelig utnyttelse av HARD ROCK CAFEs anseelse og særpreg som et globalt velkjent, og dermed «free ride» på merkets opparbeidede goodwillverdi og blikkfangereffekt som er bygget opp gjennom innsigers markedsføringskampanjer og – investeringer gjennom 50 år.

Klaga er no under behandling.

Lars Gunnar Marken ved Sørsamisk Kunnskapspark meiner det er lett å sjå at klaga kom på autopilot. Han har forsøkt å komme i dialog med Hard Rock Cafe, utan hell.

– At sørsamane som er 1000 stykk i Noreg, som har eit språk som står på Unesco si liste over språk som er i ferd med å døy ut, skal vere ein trussel mot ei slik verdsomspennande kjede, det har eg litt vanskeleg for å sjå.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober