Hopp til innhold

Harald Zwart er klar med draumefilmen

Regissør Harald Zwart har brukt ti år på å realisere filmen om flukta til Jan Baalsrud under andre verdskrigen. No er filmen «Den 12. mann» straks klar for kinoane.

Filmen om Jan Baalsrud med Thomas Gullestad i hovudrolla. Regissør er Harald Zwart.

Filmen «Den 12. mann» handlar om flukta til motstandsmannen Jan Baalsrud i 1943. Filmen har noregspremiere i romjula.

I 1943 skal tolv motstandsmenn krysse Nordsjøen frå Shetland i ei fiskeskøyte. Men dei blir svikne av ein norsk nazist, og blir tekne til fange og drept. Men den tolvte mannen, Jan Baalsrud, klarer å flykte.

Flukta gjennom Troms og til Sverige blei filmatisert i 1957. Då laga Arne Skouen filmen «Ni liv» med Jack Fjeldstad i hovudrolla. Filmen blei Oscarnominert i klassen beste framandspråklege film.

Harald Zwart har lenge ønska å lage ei ny utgåve av filmen, og skaffa seg filmrettane til boka «Jan Baalsrud og de som reddet ham» av Tore Haug og Astrid Karlsen Scott.

– Vi ønska å fortelje historia om dei som hjelpte han. Eg reiste til Troms, og trefte ein del av desse sjølv. Og i desse møta såg eg at dei framleis var gripne av historia, fortel Harald Zwart.

Alt kom på plass med Gullestad

Det er musikaren og tv-programleiaren Thomas Gullestad som spelar Jan Baalsrud. Og det var då han var klar at filmprosjektet fall på plass for Zwart.

– Då vi fann ut at vi ville ha Thomas Gullestad som Baalsrud, losna heile prosjektet for meg, og eg kunne sjå heile filme føre meg. Så med han om bord, kunne vi starte.

Thomas Gullestad som Jan Baalsrud

Thomas Gullestad gjekk ned 15 kilo før han spelte rolla som Jan Baalrud. Det var mange kalde dagar med temperaturar ned mot 30 minusgrader på settet. På førehand hadde han øvd seg på å fryse, men det viste seg å vere bortkasta tid, seier han.

Foto: NRK

Dette er den første hovudrolla til Gullestad på film. Vekene før opptaka skulle starte, var nervepirrande, seier han.

– Eg var veldig nervøs før første opptaksdag, og tenkte på alt som kunne gå gale. Då var det godt å ha andre ting å tenke på, som at eg måtte slanke meg til rolla. Det blei eit prosjekt i prosjektet.

Gullestad gjekk ned 15 kilo på to månader for å bli tynn nok. Men han arbeidde også hardt for å finne korleis han skulle framstille motstandsmannen.

– Eg arbeidde mykje med å finne ut korleis han var som person. Men det var også viktig for meg å finne fram til den frykta, sorga og einsemda han kjente på medan han var på flukt.

Skuespiller Gullestad og regissør Zwart møter pressen

Thomas Gullestad og Harald Zwart om innspelinga av «Den 12. mann».

Gullestad øvde også på å fryse for at scenene skulle sjå ekte ut. Men det viste seg å vere bortkasta tid sidan temperaturane i Troms kom ned mot 30 kuldegrader under innspelinga.

Ein stillfarande nazist

Den irske skodespelaren Jonathan Rhys Meyers spelar Gestapo-sjefen Kurt Stage som jagar Baalsrud i filmen. Meyers har tidlegare spelt i blant anna «Mission Impossible III» og tv-seriane «Vikings» og «The Tudors».

Jonathan Ryhs Meyers i filmen Den 12. mann

Jonathan Rhys Meyers spelar Gestapo-sjefen Kurt Stage som leiar jakta på Jan Baalsrud.

Foto: Nordisk Film/Zwart Arbeid

Gestapoen sende først ei melding til Berlin om at alle tolv var tekne, men så viste det seg at det var ein som kom seg unna. Meyers seier han ikkje ville lage eit portrett av ein rasande og vondskapsfull nazist.

– Stage jagar ikkje Baalsrud fordi han hatar han. Han jagar han og vil drepe han fordi då blir lista hans korrekt. Han har ingen kjensler, men steller seg mekanisk til lister og tal. Og det gjer han skremmande.

Heidrar bestefar

Skodespelaren Mads Sjøgård Pettersen spelar Marius Grønnvoll, som var ein av dei som hjelpte Baaslrud, i filmen. Då det blei kjent at det skulle lagast film, drøymde han om å få spele rolla som Grønnvoll.

– Då eg høyrde om filmen, tenkte eg at «Eg vil spele Marius Grønnvoll!». Og ei veke før innspelinga skulle starte, kom telefonen med spørsmålet om eg ville ha rolla.

Mads Sjøgård Pettersen

Mads Sjøgård Pettersen spelar Marius Grønnvoll som var ein av dei som hjelpte motstandsmannen Jan Baalsrud å flykte til Sverige.

Foto: Petter Skafle Henriksen / Nordisk Film/Zwart Arbeid

Grunnen til at han ville spele rolla, var at Marius Grønnvoll minte han om bestefaren hans.

– Han kom frå ei lita bygd, var motstandsmann og kommunist. Han fann sin måte kjempe mot tyskarane på, som å gi mat til russerfangane og publisere aviser.

Filmen har festpremiere i Troms torsdag, og kjem på kinoar i romjula.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter