Fjerde september døydde Harald Are Lund, 73 år gamal heime på Tangen. Familien meldte på Facebook om helseutfordringar, men at dødsfallet likevel kom som eit sjokk.
I dag blir han gravlagd i Stange.
Lund var ein profilert plateprodusent og radioprogramleiar. Han var mellom anna sentral i oppbygginga av kanalen P3.
– For norsk musikkliv er betydinga hans heilt enorm. Han spelte musikk ingen hadde høyrt før i ei tid det ikkje var internett eller streaming. Han var på ein måte vindauget ut mot verda, og har inspirert fleire generasjonar av musikarar, seier musikar og Tidsbonanza-programleiar Thomas Felberg.
Bana veg for mange
Felberg kjende Lund godt etter å ha jobba tett med han i over ti år.
– Som menneske var han veldig varm, inkluderande og omtenksam. Han var òg ein mann med mange referansar og mykje levd liv.
Felberg fortel at Lund hadde mykje kunnskap og tusen digresjonar.
– Me byrja gjerne ein samtale, men på vegen var det så mange digresjonar at me gløymde kvar me byrja. Men det spelte ikkje noko rolle for vegen var veldig hyggeleg, minnast Felberg og ler.
Også for Kari Slaatsveen har Lund vore viktig. Ho var med på å starta radiokanalen P13 og jobba i NRK frå 1993 til 2017.
– Han var NRK for meg. Han var ein viktig del av norsk radiohistorie, og bana veg for oss som kom etter han og jobba ved sida av han. Musikkformidlinga hans, staskapen hans, men ikkje minst den intense interessa for musikk var viktig for oss, fortel Slaatsveen.
Sat djupe spor i bransjen
Lund var den første til å få tildelt Rockheim ærespris 28. mai 2017. Rockheim er det nasjonale museet for populærmusikk stasjonert på Brattørkaia i Trondheim.
Rockheim skriv mellom anna dette om bakgrunnen for prisutdelinga:
«Harald Are Lund har vært en institusjon i NRK og er en formidler få kan målbinde. Han turte å spille punk på norsk radio mens den ennå var brennbar og mystisk, og hans virke som plateprodusent både var og er ensbetydende med kvalitet.»
Lund var med på å gi sendetid til eit breitt spekter av sjangrar som mellom anna soul, jazz, blues og rock. Han løfta fram artistar som Frank Zappa, Terje Rypdal og Captain Beefheart & His Magic Band.
– Det er umogleg å sjå for seg musikk-Noreg utan han. Ein god ven, kollega, mentor og inspirator er borte. Musikken og det han har stått for lever for alltid og det skal me aldri gløyma, seier Felberg.