Hopp til innhold

1700 NRK-tilsette ut i streik

1700 tilsette i NRK går ut i streik frå klokka 13 i dag. Det betyr eit sterkt redusert tilbod til publikum.

NRK i streik

Leiar i NRKJ, Richard Aune, seier dei ikkje hadde anna val enn å ta journalistane ut i streik.

Foto: Erik Johansen / NTB scanpix

Riksmeklar Torkjel Nesheim stadfesta like før klokka 12 at avstanden mellom partane var for stor. Forhandlingane var mellom arbeidsgivarorganisasjonen Spekter og Norsk Journalistlag.

– Det har ikkje vore reelle forhandlingar. Vi opplever at NRK ikkje har rikka seg ein tomme gjennom meklinga. NRK misbrukar frontfagsmodellen og nyttar denne som ei absolutt grense, i eit forsøk på å kneble dei frie forhandlingane. Dette er eit forhandlingsklima vi ikkje kan godta, seier leiar i Norsk Journalistlag NRK (NRKJ), Richard Aune.

Han legg til at dette er eit forhandlingsklima journalistane ikkje kan godta.

– Stor avstand

– Vi må redusere lønnsskilnaden mellom oss og andre store mediehus. Vi skal ikkje nå dei igjen på lønn, men vi godtek ikkje å tene 110.000 kroner mindre i året, seier han.

Aune seier det var stor avstand mellom partane.

– Dessverre var det ikkje mogleg å kome fram til ein avtale med NRKJ innanfor den same økonomiske ramma som dei andre. Dermed er forhandlingane brotne og NRKJ har teke ut medlemene sine i streik, seier forhandlingsleiar for NRK, Olav Nyhus.

Arbeidsgivarforeininga Spekter er kritisk til avgjerda om å ta ut 1700 NRK-medarbeidarar i streik.

Norsk Rikskringkasting NRK på Marienlyst

Tysdag morgon er det framleis uvisst om partane klarer å bli samde om ein avtale, og om det blir storstreik i NRK.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Beklageleg

– Det er beklageleg at Norsk Journalistlag vel å ramme tilbodet til publikum på TV, radio og nett med å streike. Alle ansvarlege partar i arbeidslivet er samde om at lønnsoppgjera skal gjennomførast i tråd med norma frå frontfaget, men dessverre deler ikkje Norsk Journalistlag denne oppfatninga, seier administrerande direktør i Spekter, Anne-Kari Bratten.

Det blir ikkje streik blant medlemene i organisasjonane NTL og MFO. Her kom organisasjonane fram til ein avtale med Spekter.

– Konstruktiv dialog

Norsk Journalistlag og LO Stat møtte måndag føremiddag arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter hos Riksmeklaren, etter at det lokale lønsoppgjeret i NRK enda med brot for ei veke sidan.

Partane hadde frist til midnatt med å bli samde, og like før midnatt opplyste Riksmeklaren om at partane ville forhandle vidare på overtid.

– Det er ein konstruktiv dialog mellom partane. Det har vore noko bevegelse, men det er framleis avstand mellom partane, sa meklar Torkjel Nesheim seint måndag kveld.

I tillegg til auka løn, krev NJ likebehandling av tilkallingsvikarar og at NRK følger opp sine tilsette og sørgjer for oppdatert kompetanse.

Olav Nyhus: NRKs direktør for området juridisk, rettigheter og personal

Juridisk direktør Olav Nyhus i NRK seier det er uvisst kva NRK kan tilby publikum under streiken.

Foto: Nadia Frantsen / NRK

Ein streik vil ramme blant anna den tradisjonsrike sendinga på 17. mai. I tillegg vil streiken ramme NRK sitt tilbod både på radio, TV og nett. Direktør Olav Nyhus i Juridisk avdeling i NRK sa måndag føremiddag at det er uvisst kva NRK kan tilby publikum ved ei eventuell streik.

– Det er også slik at vi kan sende tidlegare produksjonar, så det er ei moglegheit vi har. Dette er noko vi må vurdere nærmare.

Sist det var streik i NRK, var i 2006. Då var dei NJ-organiserte tilbake på jobb etter åtte dagar, medan dei som var organisert i dei LO-tilslutta organisasjonane heldt ut ei vekes tid til etter det. I 1990 streika journalistane i NRK i 25 dagar.

Journalistane som har skrive denne artikkelen er medlemer av Norsk Journalistlag i NRK.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)