Hopp til innhold

Håper bryllaupet slår tv-rekord

I Stockholm vert det gjort klart til kongeleg bryllaup, og til SVTs største direktesending nokon gong. SVT håper på opp mot 200 millionar tv-sjåarar.

Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling

Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling giftar seg i Storkyrkan i Stockholm 19. juni.

Foto: Claudio Bresciani / SCANPIX / SCANPIX

I morgon retta mange i Sverige, og kongeinteresserte frå heile Europa blikket mot Stockholm.

Med ei ti timar lang direktesending skal Sveriges television (SVT) sikre at heile Europa får sett vigsel, kortesje og bryllaupsmiddag, når kronprinsesse Victoria giftar seg med Daniel Westling.

– Det er spanande, det er veldig spanande, når ein tenkjer på korleis dette skal gå. Det er ei viktig hending, det er ei historisk hending, og vi skal skrive historie med dette. Men vi kjenner alvoret også, seier SVTs Lars Bjelkeskog.

Enorm pressedekning

Svensk media har i fleire månader førebudd seg til Victoria og Daniels bryllup. Og no skal Sveriges television lage den største tv-sendinga i Sverige nokon gong.

SVT skal sende direkte ut til fleire europeiske land i ti timer. Mellom 60 og 70 tv-kamera er plassert utover Stockholm.

– Vi merkar absolutt pressedekninga. Det er nesten ikkje mogleg å gå langs dei kjende strøka og gatene i Stockholm utan å sjå minst eit tv-team, eller eit reporter-team med avis- og fotojournalistar, fortel Berit Rekaa.

Stockholm forbereder seg til bryllupsfest

Store medielastebilar er parkert utanfor Stockholms slott, klare til SVTs største direktesending nokon gong.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

2300 representantar frå svensk og internasjonal media er akkreditert til bryllupet. Til samanlikning var det om lag 900 journalistar då det norske kronprinsparet giftet seg i 2001.

– Viktigare i Sverige

Hans Olav Lahlum

Historikar Hans Olav Lahlum meiner eit kongeleg bryllaup er viktigare i Sverige enn i Noreg.

Foto: NRK

For eit kongehus som generelt har hatt mindre oppslutning hjå folket enn det norske, vert bryllaupet viktig for heile det svenske kongehuset.

– Sverige har vore eit adelssamfunn der kongefamilien har vore på toppen av adelspryramide. Medan kongehuset i Noreg er ein meir frittståande institusjon. Det har vore ein sterkare pomp- og prakttradisjon i Sverige enn i Noreg, og slik sett er dette viktigare i Sverige enn i Noreg, seier historikar Hans Olav Lahlum.

Lahlum meiner at ein i Sverige i større grad enn i Noreg har vore opptekne av kor framgangsrik den stijande og komande monarken er. Han trur dette gjer at eit kongeleg bryllaup difor vert ekstra viktig i Sverige, og dermed også forklarer den store mediedekninga.

Kan slå sjåarrekord

Trass i at det svenske folket ganske splitta i spørsmålet rundt det svenske monarkiet, er det ikkje tvil om at svenskane skal få med seg bryllaupet.

Så stor interesse vekkjer bryllaupet i at ein 13 år gammal tv-rekord kan falle på laurdag. Julaften 1997 såg 4,3 millioner svenskar, eller over halvparten av det svenske folket, Disneys julesending på SVT.

Lars Bjelkeskog i SVT har stor tru på at folk ikkje berre i Sverige, men også i heile Europa vil følgje sendinga.

– Eg vil seie 100-150 millionar kanskje. Men fotball-VM er ein stor konkurrent, det kjem nok til stele mange sjåarar. Men eg tippar at vi kan få sjåartal opp mot 200 millionar, seier Bjelkeskog.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.