– Det er klart at det var veldig kult å vere tre jenter i semifinalen. Det hadde vore ekstra kult om ei av jentene vann.
NRK møter Margaret Knutson Aase i Kroatia dagen etter at ho tapte semifinalen og måtte forlate
.I to episodar har tre kvinner og ein mann kjempa om dei tre finaleplassane i «Mesternes Mester». Etter «helvetesuka» låg Margaret sist, og måtte klatre på lista om ho skulle ha håp om finaleplass. Men også når «vinnarvilje» var konkurransetema enda ho nedst på resultatlista.
– Det var litt surt å komme så nære finalen, men det er dei tre beste som står igjen til slutt. Det er det ingen tvil om.
Håper på romvenninna
No kryssar ho fingrane for at enten Ingvill Måkestad Bovim eller Kjersti Buaas klarer å slå Eirik Verås Larsen neste fredag.
For i løpet av ti sesongar er det berre ei kvinne som tidlegare har gått heilt til topps i «Mesternes Mester». I 2018 vann tidlegare handballspelar Gro Hammerseng-Edin den store pokalen.
Margaret Knutson Aase er imponert over nivået på dei kvinnelege deltakarane som har vore med i den 11. sesongen:
– Det er nokre knallsterke damer som er med i år. Det er kult å sjå at vi får det til.
No håpar ho særleg at romvenninna Kjersti Buaas skal stikke av med sigeren i år:
Ja, eg kryssar fingrane litt ekstra for at roomien min kjem seg til finalen og kanskje heilt til topps.
– Som å slå opp med kjærasten å legge opp
31-åringen frå Kristiansand har konkurrert i kampsportane sport jiu-jitsu, brasiliansk jiu-jitsu og MMA (Mixed Martial Arts). Ho har til saman fire VM-gull, samt EM-gull og fleire VM-medaljar. I 2012 la ho opp etter å ha blitt verdsmeister i brasiliansk jiu-jitsu.
Aase fortel at det fyrste året vart krevjande. Særeleg var det rart å skulle slutte å konkurrere:
– Det blir jo som ei kjærleikssorg. Brått skal du slutte med noko som har vore det viktigaste av alt i livet ditt. Det var vanskeleg å tilpasse seg og skjønne kva det er «vanlege folk» held på med. Det var hardt, det var det.
Men ho slapp ikkje taket i idretten sin. Idrettspedagogen med utdanning frå Noregs idrettshøgskole driv i dag eige firma der ho jobbar som idrettslærar og kampsportinstruktør.
– Eg må heile tida halde meg oppdatert på idretten. Eg kan ikkje berre undervise det eg kunne for fem år sidan. Det er eg glad for, for då må eg framleis sørge for å ha minst eitt bein i miljøet.
– Ei fantastisk oppleving
For Margaret Knutson Aase har opphaldet ved Zadar i Kroatia vore ei oppleving for livet:
– Eg har fått testa meg på ting eg aldri ville prøvd på eiga hand.
Ho fortel at det var godt å kjenne på konkurransenervane igjen, men at dette også har vore ei lita påkjenning:
– Eg har vore skikkeleg i heilspenn i fleire veker og blitt veldig van med kjensla av å vere nervøs og overvinne den. Eg har verkeleg fått jobba med spenningsnivået, så det har vore heilt supert.
Som dei fleste andre konkurrentane dreg også Aase fram det sosiale som det viktigaste når ho skal prøve å samanfatte «Mesternes Mester»:
– Vi bur jo i ei boble her, og det kjennest som om vi er skilt frå resten av verda. Så ein blir veldig fort knytt til kvarandre. Alt på første nattesten då Madeleine skulle dra, så stod vi jo å hulka heile gjengen.