Shakespeares sonett LXXI
Når eg er død, lat sorga over meg
døy ut med klangen klokkeslaga gav
som sorgtungt varsla verda: "Høyr, eg dreg
frå denne vonde verda til mi grav."
Nei, les du dette, hugs da ikkje på
kva hand som skreiv! Så høgt held eg av deg
at heller vil eg heilt i gløymsla gå
om du blir sorgfull når du minnest meg.
Så når eg vel er eitt med mold og jord,
om du då les det verset som eg skriv,
då ikkje eingong nemn mitt namn med ord,
men lat din kjærleik visna med mitt liv.
For elles vil dei håna deg med meg
når verda ser at sorga tyngjer deg.
Omsett av Hans Johan Sagrusten