Levi
Luk 5
I Tollbugata 3, der finn du Levi,
Kapernaums korrupte embetsmann
som har fått status ved sin tollarstand.
(Og status, det legg Levi mykje strev i!)
Men denne ærekjære unge mannen
(for alt vi veit ein samvitslaus banditt
som ikkje skjelnar mellom ditt og mitt)
blir utvald – før den lovlydige grannen!
Ja, kallet til å fylgje Jesus får han.
Han reiser seg og etterlèt seg alt,
dei pengane han nettopp før har talt.
Som ein av Jesu læresveinar går han.
For livets største visdom, det er dette
å skjøna når ein må det eine rette.
Hans Johan Sagrusten