Hopp til innhold

Hanne Sørvaag ute av «Stjernekamp»: – Då blir det tur til Nashville

I kveld måtte deltakarane bryne seg på Hiphop. Hanne Sørvaag fekk færrast stemmer etter at ho song «I´ll Be Missing You» av Puff Daddy & Faith Evans ft. 112. Dermed blir det tur til Nashville for å hylle Dolly Parton.

Stjernekamp hiphop

Frå venstre: Adrian Jørgensen, Kim Rysstad, Sondre Mulongo Nystrøm, Bilab Saab, Andrea Santiago, Hanne Sørvaag og Beate Lech.

Foto: David Dundas / NRK

– Korleis var det å ryke ut i kveld?

– Det er eigentleg noko eg har sett for meg kvar laurdag. Eg er nøgd med det eg har gjort. Sånn er det. Det er ein konkurranse.

– Kva har vore høgdepunktet i Stjernekamp?

– Eg likte veldig godt MGP-kvelden og Country-kvelden. I country var eg på heimebane. Med så mange element som ein ikkje er heilt trygg på, er det klart det er fint å vere i ein sjanger som ein føler seg heime i.

– Kva syns du om tilbakemeldingane du fekk i kveld?

– Eg syns dei var fine. Det dei sa om at eg klarte å halde sjangeren verdig, det var ein fin tilbakemelding av Tshawe. Det har vore ei skikkeleg bra veke, og det har vore lærerikt å få råd av Madcon.

– Kva skal du gjere vidare no?

– Nå skal eg sannsynlegvis reise til Nashville på Dolly Parton si 50 års feiring som artist. Eg visste at viss eg rauk ut i kveld så hadde eg noko fint å sjå fram til, sa Hanne Sørvaag like etter at ho blei stemt ut av Stjernekamp.

Sondre Mulongo Nystrøm, Kim Rysstad, Bilal Saab og Andrea Santiago gjekk direkte vidare til neste runde.

Hanne Sørvaag var saman med Beate Lech og Adrian Jørgensen dei som fekk færrast stemmer i laurdagens runde.

Kveldens dommarpanel besto av Thomas Feldberg, Mona B. Riise og ekspertdommarane Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam.

Dette song artistane i kveld:

Adrian Jørgensen: «Thrift Shop» av Macklemore & Ryan Lewis ft. Wanz

Stjernekamp - 21. september

Dette sa dommarane:

– Er du komfortabel eller? spør Tshawe Baqwa. Det skjedde mykje bak auga dine. Men det var bra jobba.

– Først og fremst, dei færraste forstår kor vanskeleg låten er. Då eg gjekk frå studio tenkte eg, korleis skal dette gå. Men du har vore gjennom ei reise. All kudos, eg syns det var dritbra, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Du smilte. Eg har aldri sett deg smile så mykje. Du snubla litt i rappen, men det gjorde ikkje noko. Det var dritkult, seier Mona B. Riise.

– Det var litt stakkato i flowen, men likevel gøy. Kjempebra, sa Thomas Feldberg.

Hanne Sørvaag: «I´ll Be Missing You» av Puff Daddy & Faith Evans ft. 112

Stjernekamp - 21. september

Dette sa dommarane:

– I refrenga syng du så godt som du gjer. I versa skulle eg ønske eg høyrde meir Hanne, slik som på øvinga, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Eg var redd for at denne kvelden kom til å bli ein parodi på kunstforma vår. Det du gjorde var verdig. Du køddar ikkje med kunstforma vår, sa Tshawe Baqwa.

– Du syng så nydeleg i refrenget, men konkurransen går ut på å hive seg utpå med fare for å tryne. Eg skulle ønske litt meir tøffheit, sa Mona B. Riise.

Bilal Saab: «Nordaførr» av RSP & Thomax

Stjernekamp - 21. september

Stjernekamp – 21. september

Dette sa dommarane:

– Dette var crazy for å sei det på urbant språk, sa Bilal etter opptreden.

– Eg fekk gåsehud eg. Eg er veldig stolt av deg ass. Skulle ønske eg var nordlending, sa Tshawe Baqwa.

– Det du gjorde. Du dreit i alt. Du gjekk i transe og det var 100 prosent, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Eg kastar meg på. Bilal, du er ein hyllest til alt som lukter og smaker som Nord-Norge. Dette var veldig bra, sa Thomas Feldberg.

Andrea Santiago: «Work» av Iggy Azalea

Fra Stjernekamp på NRK 21. september 2019. Episode 5 - Hiphop

Dette sa dommarane:

– Eg har alltid meint at Andrea er eit naturtalent. Rappinga er inga unntak. Det du gjer er heilt rått. Det var eit dritfett show, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Den her dama her rappa kanskje 3000 ord på to minutt, sa Yosef.

– Det er litt urettferdig altså. Eg gløymde at vi skal på scena etterpå. Det her var overlegent. Det var ikkje ein deltakar som var på scena, det var ein artist, sa Tshawe Baqwa.

– Du vel alltid det vanskelegaste, men du gjer det så overbevisande, sa Mona B. Riise.

Beate Lech: «In Da Club» av 50 Cent

Stjernekamp - 21. september

Dette sa dommarane:

– Det var tøft av deg å velje ei slik låt, men det var litt for langt heimanfrå. Det var litt som den følelsen du får når mamma skal synge våre songar, skjønar du kva eg meiner, sa Tshawe Baqwa.

– Det som mange har noko å lære noko av er at du er sporty og tøff fordi du tørr. Det var ikkje det at du ikkje var god til å rappe, men det berre passa ikkje, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Du satsa Beate og det står det respekt av, men det er litt som gutane her seier, det passar ikkje heilt. Eg håper folk stemmer deg vidare, men kanskje du ikkje skal velje så testosteronfylt, harry og rånete som 50 cent neste gong, sa Thomas Feldberg.

– Eg elskar at du kastar deg ut i dette. Stjernekamp handlar om å prøve og feile. Eg håper nå at folk stemmer som gale for å få deg vidare. Dette var ikkje rått, det var meir rart, sa Mona B. Riise.

Kim Rysstad: «Rapper´s Delight» av The Sugarhill Gang

Stjernekamp - 21. september

Stjernekamp – 21. september

Dette sa dommarane:

– Du gjer ting så heilhjarta. Du gjer ting så oppriktig, og på den måten skin du. Og eg syns eg såg nokre dansesteg, stemmer det eller, sa Tshawe Baqwa.

– Dette var faen meg fantastisk, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Du har ein fyldig stemme som kler hiphop. Hadde du vakse opp med hiphop så hadde du rappa. Dette var eigentleg Stjernekamp litt på sitt beste, sa Thomas Feldberg.

– Det var utruleg fint det som skjedde på øving. Då dei bad deg snakke høgt og ta plass. Når du klarer å frigjere deg og gjere dette, då inspirerer du meg og alle med meg som er redd for å gjere feil og drite oss ut. Eg elska det, sa Mona B. Riise.

Sondre Mulongo Nystrøm: «Lett å vere rebell i kjellerleiligheten din» av Karpe Diem

Stjernekamp - 21. september

Stjernekamp – 21. september

– Det her var heilt insane gjennomført, sa Yosef Wolde-Mariam.

– Det er så sinnssjukt kjedeleg at vi framleis må kjempe mot fordommar. Eg syns du var lur, korleis du har valt å kanalisere ditt sinne. Eg syns du slår tilbake og kjempar tilbake på ein verdig måte i kveld, sa Tshawe Baqwa.

– Du leverte det med innleving og kjensler. Eg syns det er tøft og utruleg viktig at du tek ein slik låt. Eg kjente at dette var viktig og bra, sa Mona B. Riise.

– Dette var gåsehud Sondre. Det blei eit vekkingsmøte for toleranse og likeverd. Du er i ferd med å bli ein komplett artist, sa Thomas Feldberg.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)