Arrangørane av Olavsfestdagene offentliggjorde tirsdag formiddag programmet for Noregs største kyrkje og kulturfestival. Olavsfestdagane starter fredag 26.juli og varer til laurdag 2.august.
Årets festivalmusikar
Noregs internasjonale trompetstjerne, Ole Edvard Antonsen, skal vere Olavsfestdaganes festivalartist i 2003. Under festdagane er det planlagt 4-5 konsertar som vil demonstrere Antonsens musikalske allsidigheit.
Utanom konsertane skal Antonsen halde publikumsopne mesterklassar for til saman åtte trompetstudentar.
Jazzlegenden Hancock
Herbie Hancock er ein av jazzens største pianistar og har vore det etter at han spelte saman med Miles Davis i 60-åra.
Hancock har vunne to fleire Grammy prisar og to Oscar statuettar for beste filmmusikk. Fredag 25. juli kjem jazz legenden til Trondheim for å halde konsert.
Festivalorkester
Årets festivalorkester er TrondheimsSolistene. Orkesteret skal halde og delta i fleire konsertar under Olavsfestdagane. mens den amerikanske pianisten og komponisten Herbie Hancock vil vere ein av dei store internasjonale stjernene.