Hopp til innhold

Han er stilikonet i vår

I vår skal moteriktige menn la seg inspirere av Tom Cruise i «Top Gun», Chuck Bass i «Gossip Girl» eller rockabilly-en. Sjå trendane her.

Knallfargane frå 80-talet er tilbake i motebiletet, saman med steinvaska jeans, pilotbriller og pastellfargar.

– Det er ein sterk fargetrend for både kvinner og menn i år. Knallgrønt, fuksia og oransje er viktige fargar. Men eg trur norske menn heller vil velje å bruke tilbehør i sterke fargar opp mot klede i dusare fargar, seier Silje Pedersen, moteansvarleg i VGs MinMote.

Får ikkje fred for 80-talet

Fargevalet er noko likt for dame- og herremoten, men kvinnene får fred for 80-talet. I herremoten er det ein av dei største trendane.

– 80-talet er ein stor inspirasjon, med sterke fargar og pastellar, baseballjakke, tøysko og shorts med oppbrett, seier Pedersen.

Ho nemner Dolce & Gabbana som eksempel, men dei fleste kjedebutikkane har også kasta seg på denne trenden.

Sjå backstage frå motevisninga til Dolce & Gabbana:

Som tilbehør er solbriller både praktisk og stilig.

– Solbriller er noko som dei fleste vel å bruke litt ekstra pengar på. Pilotbrillene er fortsatt in, inspirert av Tom Cruise i «Top Gun», men dei klassiske Wayfarers frå Ray Ban er også eit godt alternativ, seier Silje Pedersen.

Denim på denim

Dongeribuksa står sentralt om ein vil la seg inspirere av 80-talsstjerner som Tom Cruise. Moteredaktør i magasinet Alfa, Marte Økelsrud, meiner ein gjerne kan gå for litt lysare jeans om sommaren.

– Det er fint med litt smale jeans, som ikkje er altfor rette i beina. Acne har dei fleste passformer, både smale og meir vide jeans, tipsar Økelsrud.

Versace

Mange av dei same fargane går igjen både i herre- og damemoten. Her frå Versace-visning. Blåfargen går også igjen i herrekleda til motehuset.

Foto: CHRISTOPHE SIMON / Afp

– Bruk gjerne denim på denim. Sjå i vintage- eller bruktbutikkar etter jeans frå 80-talet, originalen er alltid best, er rådet frå Silje Pedersen.

Rockabilly

Men som vanleg er ikkje moteleverandørane einige om korleis menn skal kle seg. Det finst alternativ til pastellar og jeans.

– Rockabilly-en er stor i trendbiletet no. Det er ganske mørkt til å vere vårmote, modellane har langt hår og liknar Kurt Cobain, seier Silje Pedersen, som brukar Versace som eksempel på denne stilen.

Det italienske merket viste smale bukser, naglar, kraftige sko og skinnjakker, med den karakteristiske rockabilly-hårsveisen, på catwalken. Også det tradisjonelle britiske motehuset Burberry rocka opp antrekka sine, i ein mørk fargepalett.

Sjå heile visninga til Burberry her:

Chuck Bass

Den fiktive karakteren Chuck Bass i TV-serien «Gossip Girl» har også fått plass i vår- og sommarmoten. Han er kjent for sin amerikanske, snobbete «preppy»-stil, kjenneteikna av mønstrete dressar, mange detaljar og tversoversløyfer.

Chuck Bass

Ed Westwick spelar rolla som Chuck Bass i 'Gossip Girl'. Mykje av vårmoten er inspirert av klesstilen hans.

Foto: Peter Kramer / AP

– Gå for ei rutete skjorte, tversoversløyfe eller eit laust, fint slips, og blazer med dressbukse til, tipsar Pedersen om denne stilen.

Ein ser også spor av 70-talet i kolleksjonane til for eksempel Gucci: Khaki-fargar, safaristil og armydetaljar.

Men korleis kle seg om ein vil følgje trendane, men ikkje har tilgang på kleda frå catwalken?

Marte Økelsrud i Alfa har oppskrifta på ein sikker, fin vårstil:

– Gå for chinos i ein khakifarge, ei vårjakke med armyinspirerte detaljar og eit par runde solbriller, til dømes Persol eller Ray Ban. Vel nokre få moment frå catwalken og miks dei med basisplagg, seier moteredaktøren.

Dolce & Gabbana

Den klassiske, svarte dressen er eit trygt alternativ. Her frå catwalken til Dolce & Gabbana.

Foto: Antonio Calanni / Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober