NRK Meny
Normal

Han er årets vert på Nobelkonserten

Den amerikanske komikaren og talkshowverten Conan O'Brien er vert på årets Nobelkonsert 11. desember.

Conan O'Brien

NOBELVERT: Komikaren Conan O'Brien har sitt eige talkshow som heiter «Conan». Nå skal han leie Nobelkonserten.

Foto: Paul Drinkwater/NBC / Scanpix/AP

«Det er ei ære å leie eit så prestisjefylt arrangement, og ei enda større ære å ta imot Nobelprisen i partikkelfysikk. Eg har ein særs god agent», seier O’Brien i ei pressemelding frå Nobelkonserten.

I år som i fjor er det ein amerikansk talkshowvert som skal leie Nobelkonserten. I fjor var det Jay Leno som leia konserten.

Testar profesjonelle programleiarar

Scarlett Johansson hedrer Martti Ahtisaari

TIDLEGARE VERT: Scarlett Johansson var vert på Nobelkonserten i 2008.

Foto: JOHN MCCONNICO / AP

Tidlegare har det vore amerikanske skodespelarar som har leia Nobels fredspriskonsert. Men dei siste to åra har arrangøren bak Nobelkonserten, Warner Bros. Norge testa ut profesjonelle programleiarar, fortel administrerande direktør i Warner Bros. Norge, Odd Arvid Strømstad.

– Vi ser at profesjonelle programleiarar gjer eit løft til programmet. Dei er trente på å ha direktesendingar på tv, og det er det ikkje alle skodespelarar som er.

Tidlegare har ei rekke kjente skodespelarar, som Tom Cruise, Scarlett Johansson og Denzel Washington leia programmet.

– Sjølv om du heiter Tom Cruise så kan du faktisk bli engsteleg når du kjem ut på ei stor scene og det er direktesending, seier Odd Arvid Strømstad.

Les også: Highasakite skal spille på Nobels Fredspriskonsert

– Skodespelarar ikkje morosame nok

Conan O'Brien er både komikar og mangeårig talkshowvert. I 1993 blei han programleiar for sitt eige talkshow, «Late Night with Conan O'Brien». Og i juni 2009 tok O'Brien over som programleiar for Jay Leno og «The Tonight Show» på NBC.

– Er talkshowvertene meir morosame enn skodespelarane?

– Conan O'brien skriv jo veldig bra sjølve og har fått prisar for det. Han har hatt talkshow i mange år, og naturlegvis blir han meir morosam. Med skodespelarar må vi jobbe annleis med manus. Då skriv vi til ein person som ikkje skriv sjølve, seier Strømstad.

Morosame programleiarar skal trekke eit yngre publikum

Odd Arvid Strømstad

PRODUKSJONSANSVARLEG: Administrerande direktør Odd Arvid Strømstad i Warner Bros. Norge

Foto: NRK

– Dykk er ikkje redd for at det kan bli for morosamt, det er jo seriøse rammer tross alt?

For å treffe eit yngre publikum har vi dreia frå dei tradisjonelle programleiarar til dei som er meir morosame, slagferdige og som plutseleg finn på noko på scenen som ikkje er planlagt. Det tek vi høgde for og det tørr vi. Og vi trur også at prisvinnaren tåler det, seier Strømstad.

– Korleis reagerte Conan O'Brien då han blei spurt?

– Han synes det var veldig gøy å bli spurt. Sjølv om han har talkshow i USA dagen etter Nobelkonserten kunne han ikkje seie nei. Dei har planer om å reorganisere programmet, slik at O'Brien har anledning til å vere i Norge gjennom heile Nobel-helga.

Nobels fredspriskonsert er 11. desember, dagen etter at sjølve prisen er delt ut til Colombias president Juan Manuel Santos.