Hopp til innhold

Hallvard Sandberg heidra for koronaformidling

Gjennom pandemien har NRK-journalist Hallvard Sandberg forklart og oppdatert oss på det siste nye på koronafronten. Fredag blei han heidra av NRK for formidlingsevnene sine.

Hallvard Sandberg sammen med barna Odin og Freya

Hallvard Sandberg blei heidra for korleis han har rapportert om koronaviruset. Før helga fekk han ein modell av viruset laga av keramikaren Ingeborg Rørvik Lejon. Her er Sandberg på heimekontoret saman med barna Odin og Freya, som har hjelpt han med å lage teikningar og modellar av viruset.

Foto: Privat

Då koronaviruset kom til Noreg, og regjeringa innførte strenge tiltak, var informasjonsbehovet stort.

NRK-journalist Hallvard Sandberg var ein av dei som fekk oppgåva med å hjelpe folk med å forstå kva som skjedde. Han har vore oppteken av vitskap og har drive vitskapsformidling sidan han var 12 år.

Det kom godt med då han fleire gongar i veka måtte sitte timevis i TV-studio og snakke.

– For å kunne omsette forskarspråket til eit språk folk forstår, må eg forstå det sjølv. Først då kan eg forenkle. Eg likar å bruke modellar når eg forklarer, og kanskje bruke omgrep folk kjenner frå andre område.

Hallvard Sandberg forklarer hvordan de nye vaksinene mot covid-19 fungerer.

Hallvard Sandberg forklarer korleis dei nye vaksinane verkar.

Gode tilbakemeldingar

Det var mange som la merke til og sette pris på formidlingsevnene til Sandberg. NRK fekk fleire meldingar frå publikum om at dei kjende seg opplyste etter å ha sett han i TV-ruta:

  • «Han forklarer veldig tydeleg og enkelt. Seerne setter pris på slikt spesielt i denne korona epidermis perioden. Takk Hallvard Sandberg.»
  • «Jeg har ikke hatt kjennskap til denne fyren før han begynte å dekke covid-19. FOR en utrolig dyktig formidler – Mer av han i beste sendetid»
  • «Han snakker så folk forstår det og virker beroligende på meg i alle fall. Det trenger vi i dag.»

I den første tida opplevde han også å bli stoppa av folk på gata som ville helse på og gi tilbakemeldingar til han.

– I starten av pandemien kjendest det ut som om vi var i ein krig mot viruset, og at eg gjennom jobben eg gjorde i studio var ein soldat i denne kampen. Det å få gode tilbakemeldingar då var både kult og motiverande.

Heidra for språket

Fredag blei Sandberg heidra i NRK for formidlingsevnene sine, og fekk overrekt ein modell av koronaviruset, laga av keramikar Ingeborg Rørvik Lejon frå Volda.

Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, er glad for at NRK har ein som Sandberg til å forklare det som skjer:

– Måten han plukkar frå kvarandre språket på og bruker ord som folk forstår, gjer at folk får tillit til han og NRK.

Ho set pris på måten han byr på seg sjølv på.

– Han er folkeleg, og det er ein god måte å formidle kriser på, seier ho.

Hallvard Sandberg og språksjef Karoline Riise Kristiansen med koronaviruset i keramikk, laga av kunstnaren Ingeborg Rørvik Lejon.

NRK ville heidre Hallvard Sandberg (t.v.) for måten han har vore med å dekke pandemien på. Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, overrekte han ein modell av koronaviruset laga av kunstnaren Ingeborg Rørvik Lejon.

Foto: Ingvild Bryn / NRK

Får hjelp

Når han ikkje er i studio, er Hallvard Sandberg ofte med frå heimekontoret sitt. Med teikningar av viruset og hovudskallar på veggane, fortel han entusiastisk om siste nytt om nye studiar og utviklinga av vaksinar.

Men han understrekar at han ikkje kunne gjort denne jobben utan god hjelp.

– Eg er journalist og ikkje ein ekspert, og kan desse tinga på overflata. Dersom eg skal gå djupare inn i delar av materien, brukar eg fagfolk som kan forklare meg ting litt meir inngåande.

Sandberg har også fått hjelp av barna sine til å lage modellar, som han bruker i videoar når han skal forklare viruset.

– Det fine med dette viruset er at barn har lov til å skjelle det ut, og seie at det er dumt. Det er ikkje så ofte dei har lov til elles. Og så er eg glad for at barn ikkje blir så sjuke av det.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)