NRK Meny
Normal

Hallo til Halloumi

Dette er osten som kanskje er perfekt til det meste, i alle fall perfekt til grilling.

Halloumi
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Lise Finckenhagen

Lise har nett kome heim frå ferie på Kypros, der har ho ete den spesielle osten Halloumi, som ho anbefaler på det sterkaste.

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Grillsesongen er ikkje over endå, i alle fall er den ikkje over om ein ikkje vil at den skal vere over.

Lise Finckenhagen, eller Kokke-Lise om du vil er Nitimen sin faste kokk på måndagar og fredagar i Nitimen, der ho fortel om matfenomen.

Denne fredagen er det osten Halloumi som Lise tek føre seg.

- Det er ein kypriotisk spesialitet, fortel Lise.

Gummiost

Den har ein liten gummikonsistens meiner programleiar Ida Kjøstelsen når ho smakar på den.

- Litt viskelêr ja, men det er ein veldig god ost. Den har ein veldig kraftig saltsmak, men den er og krydra med frisk peparmynte, forklarer Lise.

Men det er ikkje det som er spesielt med denne osten.

- Den forandrar ikkje konsistens når du grillar eller varmebehandlar den, fortel Lise.

- Skjær den i tjukke skiver og legg den på grillen, då blir den mjuk og herleg inni, men så får den ei sprø og fin hinne.

Høyr innslaget med Lise og få fleire tips til kva du kan bruke denne osten til.

Ida Kjøstelsen og Lise Finckenhagen

Programleiar for Nitimen Ida Kjøstelsen og kokk Lise Finckenhagen

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK