NRK Meny
Normal

Haitisk media på beina att

Etter dagar med kaos er haitiske medier sakte, men sikkert i gang igjen. No får dei hjelp frå Reportere uten grenser.

Jesse Jackson

Den amerikanske menneskerettaktivisten Jesse Jackson vert intervjua i Port-au-Prince. No vert eit mediesenter etablert av organisasjonen Reportere uten grenser.

Foto: Andreas Bondevik / Scanpix

I går fekk organisasjonen Reportere uten grenser klarsignal frå styresmaktene i Haiti til å etablere eit mediesenter for lokale og utanlandske reporterar,

Medan utanlandske journalistar heilt frå starten av rapporterte nærmast uavbrote frå den jordskjelvråka øya, hadde dei lokale journalistane nok med å berge folk og utstyr.

Filmstudentar rapporterte

Filmstudentar i den vesle byen Jacmel laga ein rapport frå jordskjelvet, som vart vist på internett før innbyggjarane i byen hadde fått mat og vatn etter skjelvet. På dette tidspunktet fungerte berre tre av radiostasjonane i Haiti.

Også trykkeriene var ødelagde, og difor kom heller ikkje dei største avisene i landet ut. Filmstudentane kjende eit kall til å fortelje verda kva som hadde skjedd.

- Dei drog til den samanraste skulen, og grov fram kamera, seier lærer Annie Nocenti.

Studentar som hadde mista familiemedlemmar grov fram kameraer og utstyr frå skulen, som dei rekna som sin andre heim, fortel Nocenti.

Radio viktig for informasjon

Radiokanalen Signal FM, er ein av dei få som har vore på lufta 24 timer i døgnet. Kanalen fekk raskt oppgåva med å formidle kontakt mellom folk utan telefon. Sidan har stasjonen hatt fleire avstemningar, blant anna om utanlandsk media overdriv, eller om de amerikanske hjelparar er for pågåande.

- Folket i Haitis er framleis sett ut, og lyttarane våre er mest opptekne av at dei får hjelp, fortel Mario Via frå Signal FM til BBC.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Mike Amor

Den australske journalisten Mike Amor som arbeider for Channel 7, gjev vatn til ei lita jenta som nettopp har vore redda frå ruinane i Port-au-Prince.

Foto: Channel 7 / Scanpix/AP

I dag er rundt 20 radiostasjoner i drift igjen på Haiti.

- Radio spelar ofte, spesielt i fattige land, ei stor rolle for informasjonsspreiinga. Til dømes for at styresmaktene skal nå ut med informasjon om hjelpesendingar, seier Urban Løfqvist frå den svenske avdelinga til Reportere uten grenser.

Etablerer mediesenter

Organisasjonen arbeider vanlegvis for pressefridom, men no har dei for første gong bestemt seg for å byggje opp infrastrukturen til journalistane. I går fekk dei klarsignal frå dei haitiske styresmaktene til å setje opp eit mediesenter.

- Vi byggjer opp eit mediesenter i hovudstaden. Formålet er å gje haitiske journalistar moglegheit til å arbeide, og vi har stelt mobiltelefonar og datamaskiner til rådigheit. Det vert ein møteplass for internasjonale kollegaer, men også eit senter for den gjenoppbygginga av media som må skje på Haiti, fortel Løfqvist.

Urban Løfqvist ser ein viss fare for at journalistar bruker ressursar som transport, mat og husly, som trengst andre stader.

- Men på andre sida har ein sett døme på at journalistar går inn og gjer ein humanitær innsats. Dei har mellom anna hjelpt skadde ut av bygningar, seier Løfqvist.

Ein av dei som har gjort nytte for seg er ein CNN-journalist, som også var kirurg. Han la frå seg mikrofonen då det vart naudsynt, for å redde ei 12 år gammal jente på operasjonsbordet.