Hopp til innhold

Gullbarbie til Blogg.no

Ungdommar har stemt fram Blogg.no som den medie- og reklameaktøren som får unge til å kjenne seg verst.

Leder for Press Redd Barna Ungdom, Mina Vinje

I år er det bloggplattforma Blogg.no som er stemt fram som vinnar av prisen Gullbarbien, som blir delt ut av ungdomsorganisasjonen Press. Leiar for Press, Mina Vinje, seier Blogg.no får prisen fordi lar bloggarar promotere kosmetiske inngrep som gjer at ungdommar kjenner på kroppspress.

Foto: Carl-Frederic Salicath / Press

Redd Barnas ungdomsorganisasjon, Press, deler kvart år ut prisen Gullbarbie, som går til ein medie- eller reklameaktør som bruker gamle kjønnsroller og unødig seksualisering for å selje noko.

I år blei Blogg.no, Facetune og Dagbladet nominerte av Press. Og så har ungdommar stemt fram den aktøren dei meiner fortener å få prisen.

Til slutt var det bloggplattforma Blogg.no som fekk flest stemmer. Leiar for Press, Mina Vinje, seier ho ikkje er overraska.

– Den siste tida har det vore ein debatt rundt kva ansvar influensarar har. Vi ser no at bloggarar som starta på Blogg.no har vakse seg store og tener pengar på å promotere produkt som tannbleiking, pillar og kosmetiske inngrep, seier ho.

Bloggardebatt

Under Vixen Awards i slutten av januar fekk bloggaren Kristin Gjelsvik pris for «årets sterke meining». Ho brukte takketalen til å kritisere bransjen for å skape kroppspress blant unge. Det gjekk særleg ut over bloggaren Sophie Elise Isachsen som også vann pris for «årets business» under utdelinga.

Dette førte til ein debatt om fokuset mange norske bloggarar har på kropp og utsjånad, og på marknadsføringa som skjer for inngrep og skjønnheitsprodukt på desse bloggane.

– Vi veit at kroppspress og psykisk helse heng tett saman. Det at barn og unge seier at Blogg.no er vinnaren av årets Gullbarbie, viser også dette, seier Vinje.

Og ho får støtte frå doktorgradsstipendiat Christine Sundgot-Borgen, som blant anna har forska på kroppsbilde og kroppsoppleving blant ungdom.

– Forsking viser at ungdom som følger bloggarar som har eit stort fokus på kropp og utsjånad, ender også opp med redusert sjølvkjensle og høgare grad av det vi kallar kroppsmisnøye, seier ho.

Christine Sundgot-Borgen

Doktorgradsstipendiat Christine Sundgot-Borgen ved Noregs idrettshøgskole seier forsking viser at ungdom får eit dårleg sjølvbilde av å følge bloggar som fokuserer på kropp og utsjånad.

Foto: Norges Idrettshøgskole

Vil evaluere

Press meiner det ikkje burde vere lov å reklamere for mange av dei inngrepa og produkta som blir profilert på bloggar i dag. Dei etterlyser strengare reguleringar frå politikarane, men også innstramming i retningslinjene til Blogg.no.

– Eg trur Blogg.no hadde blitt betre om dei hadde hatt strengare retningslinjer. Og så må regelverket også bli endra slik at dette ikkje blir lov.

Ung i Egmont, som eig Blogg.no, synest det er leitt at dei er stemt fram som ein versting i kåringa. Direktør Martine Lunder Brenne seier dei tek dette på alvor.

– Vi tek kritikken frå Press til etterretning. Vi modererer allereie foruma våre og bloggane strengt. Strengare enn norsk lov, men vi kan bli betre. Vi vil bruke dette som eit insentiv til å jobbe med det.

Ho seier at dei er i gang med ei evaluering av retningslinjene sine for å bli betre, og håper å få med seg Press i dette arbeidet.

– Kvar enkelt bloggar har eit ansvar for det han eller ho skriv, men vi har også eit ansvar som følger med den plattforma vi eig. Det må vi vere bevisste på.

Kulturstrøm