Leitar etter YouTube-kunst

Guggenheim-museet i New York skal samarbeide med YouTube om å finne dei mest kreative videoane i verda.

Guggenheim og YouTube

Guggenheim-museet i New York vil vise YouTube-kunst i museet i oktober.

Foto: Skjermdump / NRK

– Nettvideoar har eksplodert, ikkje berre som eit medium, men også som ei kunstform, skriv YouTube.

Difor skal Guggenheim-museet i New York og YouTube saman leite etter kunst blant dei kreative videoane folk lagar og lastar opp på nettstaden YouTube.

Visning på Guggenheim

Prosjektet vert kalla YouTube Play. A biennial of Creative Video, og alle som vil kan sende inn og nominere videoar på YouTube innan 31. juli.

– Vårt nettsamfunn har produsert nokre av dei mest kreative og feira arbeida på internett. No samarbeider vi med Guggenheim-museet for å finne den mest kreative videoen i verda, og vise fram dei eksepsjonelle talenta som arbeider innan sfærane for den digitale media som stadig vert utvidar, skriv YouTube i eit blogginnlegg.

Sjå informasjonsvideoen frå Guggenheim-museet og YouTube om konkurransen.

Filmane vil verte vurdert av ein internasjonal jury sett saman av kunstnarar, filmskaparar, musikarar og grafiske designarar. Juryen 21. oktober skal plukke ut om lag 20 videoar, og desse verka vil verte vist på Guggenheim-musea i New York, Berlin, Bilbao og Venezia 22.-24. oktober.

Dei som ynskjer å delta i konkurransen, kan sende inn sitt bidra til youtube.com/play , innan 31. juli. Filmane kan vere heilt nye, eller laga i løpet av dei siste to åra. Alle slags former for kreative videoar både med og utan historieforteljing, animasjonar, dokumentarar, musikkvideoar og heilt nye kunstformer vert ynskte velkomne.

Video som kunstform

Guggenheim-museet omtaler utviklinga i den visuelle kulturen dei siste tiåra som eit paradigmeskifte. Levande bilete har vorte ein del av samtidskunsten, der internett verkar som ein katalysator, ved å setje i gang prosessar og spreie nye former for digitale media.

Fordi teknologien er lett tilgjengeleg med mobiltelefonar og digitalkamera, at alle kan lage det og sjå det, har mange unge, lovande kunstnarar valt nettopp video som sitt medium.

Norske Lasse Gjertsen er mellom dei som har vorte eit fenomen på YouTube med sine videoar.

Norske Lasse Gjertsen er mellom dei som har vorte eit fenomen på YouTube med sine videoar.

– Med initiativet ynskjer vi å tiltrekkje oss nyskapande, originale og overraskande videoar frå heile verda, uavhengig av sjanger, teknikk, bakgrunn eller budsjett, skriv Guggenheim-museet på nettsidene sine.

Målet er å skape «ei ultimat YouTube speleliste: eit utval av det mest unike, innovative og banebrytande video-arbeida som har vorte skapt og distribuert på nettet dei siste to åra».

Kulturstrøm