- Eg er heilt umusikalsk, syng falskt som bare det. Etter kvart fann eg ut at eg kunne syngje gjennom å skrive. Ein slags song i skrift, forklarar forfattar Frode Grytten.
- Eg er veldig medveten at musikken skal passe med det eg skriv. Hvis ikke blir han forstyrrande, seier han.
Pop i skulen
Grytten fortel at han allereie i skulen måtte høyre på musikk, mens han gjorde leksane sine. Han ser tilbake på 1970-talet og ler av alle reglane for skuleelevane. Ein skulle ikkje sitte gale på stolen, for da øydelagde ein ryggen, ein skulle ikkje sjå på tv, ein skulle ikkje høyre på musikk medan ein arbeidde.
- Alt kunne gå gale hvis man ikke gjorde dette, ler forfattaren.
For forfattaren er det å skrive å gå inn i ein slags rus.
- De gongane det flyt, de gongane du kjenner du er på rett spor, er det som ein rus, fortel han.
Frode Grytten skriv poplitteratur
Pop under trappa
Bergensforfattaren sin arbeidspult er liten, men ryddig. Han fortel at dei to bøkene han er mest kjend for; "Bikubesong" og "Popsongar" begge er skreve under trappa heime. Dei fyrste sidane i "Bikubesong" blei skreve på Obrestad fyr, men vinden der ute forstyrra Grytten... Det må med andre ord popsongar til for å holde Frode Grytten i verksemd.
Heilt til han blir avbrote av trivialitetar. Som at telefonen kimar, eller at ungane kjem heim. I mellomtida skriv han prisbelønna litteratur mellom klokka ni og tre under trappa i Bønes-rekkehuset.
Brage-prisen
Frode Grytten vart fødd i 1960 og har skreve dikt, novellar og romanar. I 1999 blei han tildelt Brage-prisen for romanen "Bikubesong". For same roman blei han nominert til Nordisk Råds litteraturpris.
Kulturbeitet ved Steinar Birkeland, NRK P2, 27. juli 2001.
Bearbeidet for nett av Synne Hedlo, Nettkultur.