Hopp til innhold

Grev ned Munch-skattar

Det nye Munchmuseet får ein grunnstein fylt med ting frå kommunane Edvard Munch hadde tilknytning til.

Det nye Munch-museet får en grunnstein fylt med ting fra kommunene Edvard Munch hadde tilknytning til.

MUNCH-SKATTAR: Eit skrin blir fylt med gjenstandar frå alle kommunane der Munch har budd.

Fredag legg kronprinsesse Mette-Marit grunnsteinen for det nye Munchmuseet i Bjørvika. Det blir eit skrin fylt med gjenstandar frå alle dei kommunane der Edvard Munch budde i løpet av livet. Skrinet skal murast inn i foajeen til museet.

Direktør for kultur- og idrettsbygg i Oslo, Eli Grimsby, seier dei ville gjere dette for å vise at det nye museet ikkje berre er eit lokalt museum, men eit nasjonalt signalbygg:

– Vi ønska å involvere alle dei kommunane som Munch har hatt ei tilknytning til. På den måten får vi vist at han betyr noko for heile nasjonen.

Brosje frå fostermor

Brosje Edvard Munch

Ei brosje som tilhøyrde Karen Bjølstad er blant gjenstandane som ligg i grunnsteinsskrinet til Munchmuseet. Bjølstad var tante og fostermora til Edvard Munch.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Blant tinga som blei lagt i skrinen, var ei brosje etter Karen Bjølstad frå Fredrikstad. Ho var tanta til Edvard Munch, og blei fostermor for kunstnaren då han var fem år gamal. Det var Torill Stokkan, som har forska på Bjølstad i 20 år, som la brosja i grunnsteinsskrinet. Ho fekk smykket i gåve:

– Karen Bjølstad var grunnsteinen i livet til Edvard Munch. Ho var visjonær og hadde den same skapartronga som Munch. Ho såg talentet hans. Ho sa: «like mykje som eg trur på Gud, trur eg på deg som kunstnar».

I tillegg til brosja skal desse gjenstandane ligge i skrinet:

  • Ei boks med jord frå fødestaden til Munch på Løten.
  • Takspon frå gamle Vågå kirke der Munch henta inspirasjonen til Aulamåleria.
  • Glattslipt stein frå stranda til Munch i Åsgårdsstrand.
  • Glassperler med motiv inspirert av Munch frå Kragerø.
  • Krus frå Refsnes Gods på Jeløya.
  • Vestbyvotten frå Vestby.
  • Ein kopi av testamentet til Edvard Munch og eit eplefrø frå Ekely.

Bygginga i gang

Raymond Johansen

Byrådsleiar Raymond Johansen trur Mucnhmuseet skal halde budsjettet og stå ferdig til opninga i 2020.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Bak operaen er anleggsmaskinene godt i gang på tomta til det nye Munchmuseet. Når grunnsteinen er lagt ned på fredag, skal byggearbeidet for alvor ta til. Det skjer etter ein lang drakamp om kor museet skulle ligge, og fleire rundar med kostnadsikring av byggeprosjektet.

Men no er arbeidet i rute, og førebels innanfor budsjett. Byrådsleiar Raymond Johansen har difor eit godt håp om at museet skal stå ferdig slik at dei kan opne som planlagt i 2020:

– Vi skal bygge eit fantastisk bygg for hovudstaden, men også for heile Norge. No gjeld det at bygget blir ferdig på tid, og til rett pris. Og det er eg sikker på at det kjem til å bli.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB