Hopp til innhold

Tix: – Grønneberg sine ord aukar stigmaet rundt psykiske problem

Etter at Dagbladet-journalisten Anders Grønneberg slakta MGP-vinnaren, måtte han i kveld ete Tix sitt panneband på direkten.

Då Dagbladet sin musikkritikar Anders Grønneberg slakta Tix og «Fallen Angel», lova han å ete Tix sitt panneband viss han skulle vinne MGP-finalen.

I kveld kunne MGP-vinnar Tix fryde seg over at Grønneberg måtte ete i seg orda sine. Det blei ikkje eit hjarteleg møte.

– Eg trur du treng litt tilsnakk, opna Tix, eller Andreas Haukeland, med.

Han sa at han reagerte mest på signaleffekten i det Grønneberg har skrive, særleg då han skulda artistar for å «grine litt på Lindmo» for å få merksemd.

Det var tydeleg at det var tungt for Tix å seie desse orda. På «Lindmo» i januar fortalde Tix om sjølvmordstankar.

– Mobbespråk

– Når Grønneberg trekk motiva i tvil, gjer han det vanskelegare å vere open om psykiske problem, meinte Tix.

– Slike haldningar er grunnen til at det er så vanskeleg for særleg gutar å opne seg om psykisk helse. Det forsterkar eit stigma.

Grønneberg forsvara seg med at han har sagt si ærlege meining om låten til Tix. Han var ikkje samd i at han hadde vore usakleg, sjølv om han har brukt fargerikt språk og metaforar.

Han gratulerte Tix med sigeren, men ville ikkje be om orsaking.

– Eg står ved det eg har skrive. Ein artist må tole å høyre kva ein kritikar meiner. Det er kritikaren si oppgåve å komme med ei vurdering, sa han.

Men Tix var ikkje nøgd. Han kalla orda til Grønneberg for reint «mobbespråk».

– Du har stor makt og mange lesarar. Med det følgjer eit ansvar. No har du tråkka feil fleire gongar. Eg er her for på seie frå, ikkje berre på eigne vegner.

– Eg håper du i framtida vil vere meir forsiktig. Orda dine påverkar ikkje berre dei du skriv om, men alle som les, sa Tix.

– Lurt å ha lege til stades

Christopher Sjuve tilbereder Tix-pannebånd

Dagbladet sin matekspert Christopher Sjuve hadde tatt på seg oppgåva å steike pannebandet.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK
Christopher Sjuve lager Tix-pannebånd-pannekake

Pannabandet blei hakka opp og saman med soppstuing blei det fyll i pannekaker.

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK
Tix-panneband-pannekake

Alle ingrediensane står klare til steikinga

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK
Knust glass under Tix-panneband-pannekake

Matretten blei servert på ei seng av knuste glasskår

Foto: Tarjei Mo Batalden / NRK

På direkten i Debatten sto dei to ansikt til ansikt då Grønneberg skulle smake på pannebandet, tillaga av Dagbladet sin matekspert Christopher Sjuve.

Programleiar Fredrik Solvang kommenterte den svidde lukta. Tix forsikra at han hadde sveitta mykje i pannebandet han hadde gitt til kokken.

Han sa at Grønneberg kunne sleppe å ete, men Grønneberg tok likevel eit par bitar av «matretten» som såg delikat ut med persilledusk og rista sesamfrø, overstrødd med små svarte pannebandbitar.

Det var Christopher Sjuve som hadde pønska ut oppskrifta, som han håpte skulle bli fordøyeleg. Han droppa glasskåra frå solbrillene til Tix, sjølv om Grønneberg og hadde lova at han skulle ete dei og.

I staden la Sjuve eit tjukt lag av glasskår under matfatet, noko Grønneberg så ut til å vere letta over.

Sjuve forsikra om at det ikkje var farleg å ete. Han hadde nemleg søkt råd på Giftsentralen.

– Dei einaste som kan skje, er at det set seg fast i magen din, men det kan vi fikse med plumbo, spøkte kokken.

Men sjølv utan glasskår i maten, forsøkte kokken å skremme Grønneberg med at det kunne vere lurt å ha lege i nærleiken.

Oppskrift på sprøsteikt panneband-pannekake

  • 1 stk. panneband, kutta i små bitar
  • 2 fedd kvitlauk
  • ½ raudlauk
  • 15 sjampinjongar
  • 2 dl kremfløyte
  • 4 pannekaker
  • Smør og olje til steiking
  • Ost / parmesan
  • Ev. whisky

Tillaging:

Start med å dele pannebandet opp i bitte små bitar, slik at det ikkje sett seg fast i fordøyelsessystemet.

Steik pannebandet så sprøtt det lar seg gjere, i rikeleg med olje.

Steik lauken blank i smør i ei djup steikepanne. Del soppen i fire, ha i knust kvitlauk. Steik i eitt minutt og hell i fløyten. La soppstuinga koke inn til ein tjukk saus. Ha eventuelt i litt whisky.

Hell den tjukke sausen over pannekakene, dryss over litt meir av det sprøsteikte pannebandet. Rull pannekaka saman, ha over litt ekstra saus, meir panneband og riven ost. Panneband-pannekakene kan servast som dei er, eller settast under grill i steikeomnen på 220 grader i 5–10 minutt.

LES OG: MGP-ekspert: – Tix er på mange måtar den nye Jahn Teigen

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober