Hopp til innhold

Gratulerer med dagen!

Den held seg godt, den har faktisk nesten ikkje forandra seg. Men likevel har datamusa klart å bli 40 år.

Datamus
Foto: Ole Berg-Rusten / Scanpix

For førti år sidan blei det for første gong demonstrert noko som vi alle brukar i dag, nemleg datamusa. Og den var faktisk veldig lik den vi hadde i dag.

Cille Biermann og Eirik Newth

Eirik Newth saman med programleiar Cille Biermann i Frokost-TV.

Foto: NRK

Musa sin far

Han blir kalla musa sin far, Douglas Engelbart frå the Stanford Research Institute. Han starta å jobbe med musa allereie i 1963, og den første offentlege visninga var i 1968.

- Ideen om å sitte ved eit tastatur og ein skjerm var frammed for dei fleste. Det føregjekk i store dataselskap, på universitet og liknande, fortel forfattar Eirik Newth.

Han kallar datamusa for eit pionerarbeid.

- Ingen kunne tenke seg, og då kanskje spesielt musa sin oppfinnar Douglas Engelbart, at musa skulle vere på så mange skrivebord som den faktisk er i dag.

Datamus
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Tidlaus design

Eirik Newth samanliknar musa med ein annan ting som vi brukar kvar dag.

- Som gaffelen som vi brukar kvar dag, utan å reflektere over den og som heller ikkje har forandra seg så veldig mykje på veldig mange år.

Tom Cruise er Precrime Detective John Anderton

Tom Cruise i filmen Minority Reporter. Her jobbar han med hendene istaden for å bruke ei mus.

Foto: Foto/Copyright: Fox Film

Forskjellege nye muser

Det fins mange som har prøvd å redesigne musa, men dei fleste utan hell. Vi har blant anna prøvd å bevege rett på skjerm, snakke til datamaskina og liknande.

- Folk kjem tilbake til musa, fortel Eirik.

Liv i musa i 2048

Musa har altså sett ganske lik ut i 40 år, og vi held oss til den. Men korleis trur Eirik at musa vil sjå ut om 40 år.

- For det første trur eg musa kjem til å vere der. Eg trur at halen forsvinn for godt. Allereie i dag er det jo trådlause mus, og då kan vi jo spørje om den då framleis vil heite mus.

Og Eirik brukar filmen Minority Report som eksempel.

- Der står Tom Cruise og brukar hendene i lufta. Det er eit kult konsept, du dirigerar datamaskina di, men forsøk å sjå det for deg i eit kontorlandskap...

Elever i videregående skole
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Så det er noko med at den er praktisk og funksjonell. Og den er billig og enkel å lage at eg tippar at noko som liknar på den her er i nærleiken av datamaskinene om 40 år.

Automobil lever i dag

Eirik er ikkje i tvil om at musa kjem til å heite mus om 40 år og.

- Bilen heiter jo automobil, for då den kom var det jo fantastisk at den kunne bevege seg sjølv, den var jo automobil, og vi har fortsett å kalle den det.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.