Hopp til innhold

Google får bot av Datatilsynet

Google samla ulovleg personinformasjon om norske borgarar og lovde å slette det. Det gjorde dei ikkje, og no gir Datatilsynet teknologikjempen ei saftig bot.

Google

Google får bot av Datatilsynet for å ha samla inn ulovleg personinformasjon som passord, brukarnamn og e-post.

Foto: MICHAEL GOTTSCHALK / AFP

I 2010 informerte Google Datatilsynet om at dei hadde samla inn data i samband med kartlegging av gatar og vegar i Noreg.

Samtidig som dei køyrte forbi og tok bilete av hus og gater til Google Street View, deira virtuelle kartteneste, plukka dei opp personleg informasjon og passord frå usikra trådlause nettverk. Dette er ulovleg, og Datatilsynet bad om at alle data som var innhenta i Noreg skulle bli sletta.

Bjørn Erik Thon

Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet, gir Google bot for overtramp.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Dei fekk ja frå teknologigiganten. Google bekrefta at det var blitt gjort, og ein tredjepart verifiserte at all data var sletta.

Men i juli 2012 får Datatilsynet vite at Google ikkje har gjort som dei sa, og at innformasjonen ikkje er sletta.

Må betale 250.000 kroner

– Dette er eit alvorleg brot, og det som gjer det spesielt alvorleg er at vi har fått eit løfte frå Google tidlegare. Dette er altfor dårleg, og vi må vente noko heilt anna av eit så stort og seriøst selskap. Dei må ha oversikt over kva data dei samlar inn, seier Bjørn Erik Thon, direktør i Datatilsynet, til NRK.

Det dreier seg om såkalla «payload» data, som er tilgjengeleg på usikra trådlause nett, og inkluderer brukarnamn, passord og e-post.

Thon illustrerer ved å vise elleve usikra nett som han får opp på ipaden sin, der han står midt i Oslo sentrum.

– Det er viktig for oss å reagere på ein kraftig måte, noko vi gjer ved å skrive ut ei bot, seier han.

Datatilsynet deler ut ei av sine største bøter nokonsinne til datagiganten: 250.000 kroner må Google betale for å ha lagra informasjon som dei burde sletta.

LES: Overvåkingsbilder på sosiale medier kan være ulovlig

– Krenkar personvernet

– Bøter gir vi i dei viktigaste og mest alvorlege sakene. Dette er ganske høgt opp på skalaen av det vi brukar å skrive ut av bøter, seier Bjørn Erik Thon.

«Datatilsynet finn at den aktuelle behandlinga i stor grad krenkjer personvernet til dei enkeltpersonane som opplysningane knyter seg til», står det i brevet som Google har mottatt.

– De har bedt dei om å slette det før. Korleis kan de handheve og kontrollere at dei faktisk slettar informasjonen?

– Vi er nøydde til å kontrollere det enda betre denne gongen. Vi stolte på Google sist. Men neste gong må vi vere heilt sikre på at dei slettar og i samarbeid med andre europeiske myndigheiter sjekke at det er blitt gjort, svarar Thon.

LES: «Liu Xiaobo», «1989», «gulrot» og «beste skuespiller» er fyord i Kina

Google beklagar

Selskapet har godtatt bota og beklagar.

– Google har nyleg bekrefta at vi fortsatt sit på ein del «payload» data, som blei innsamla av våre Street View-bilar. På anmodning frå Datatilsynet slettar Google no denne informasjonen, seier Peter Fleischer, Googles globale personvernspesialist, til NRK i ein e-post.

Fleire andre europeiske land har ilagt Google eit gebyr for brot på personvernlovgivinga i dei respektive landa.

LES: Google lager 3D-kart med spionfly

Google blei frifunne av det amerikanske justisdepartementet, som granska dei for eit liknande overtramp, men i etterkant har fleire europeiske land varsla at dei vil ta saka vidare.

Selskapet hevda at dei ikkje visste om at ein utviklar hadde henta inn data frå trådlause nettverk brukt av millionar. Men ein rapport frå det amerikanske justisdepartementet peikar på at fleire kan ha visst om dette.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober