NRK Meny
Normal

26 000 fekk med seg sjakk-VM på ny kanal

– Langt over forventingane, seier sjefredaktør om VG sin nyheitskanal-debut. 227 000 TV-sjåarar var innom den nyoppstarta kanalen i løpet av helga.

Magnus Carlsen

Biletet er frå då Magnus Carlsen spela sjakk mot heile Noreg på Oslo City i mai i år. Kampen vart sendt live på VGTV og folk kunne væra med å bestemma kva trekk som skulle køyrast mot Carlsen.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

VG lanserte sin nye TV-kanal denne helga, den blir distribuert via Canal Digital som når ut til rundt ein million husstandar.

277 000 sjåarar var innom og såg minst eitt minutt av kanalen i løpet av helga, skriv Kampanje.

I snitt hadde kanalen 5000 sjåarar gjennom heile helga, og nådde dermed ein marknadsandel på 0,7 prosent av totalmarknaden.

Det var VG sin dekning av sjakk-VM som trekte flest sjåarar, 26 000 sjåarar følgde med på sjakksendinga mellom klokka 17 og 18.

– Dette er langt over VG sine forventningar. No må me jobba hardt for å leva opp til den svært gode mottakinga som me har fått denne helga, seier fungerande sjefredaktør i VGTV, Helje Solberg til Kampanje.

VG og eigaren Schibsted satsar stort på TV. Schibsted får eit negativt driftsresultat på rundt 100 millionar kroner på grunn av TV-satsinga til VG og Aftonbladet, skriv fagbladet Journalisten.

Toppsjef i VG, Torry Pedersen, vil ikkje spesifisera kor stor andel som kjem frå VG-satsinga, men bekreftar til Journalisten at det er snakk om titals millionar.

TV-kanalen har mål om å tilby «uhøgtidelege livesendingar, tempererte debattar, breidde og miks» skriv VG i presentasjonen av kanalen.