Hopp til innhold
Anmeldelse

Glimrande novelledebut

Den ruvar ikkje i bokhylla, novellesamlinga til Kristin Hauge. Men «Tiggerne» er absolutt ei bok å merke seg.

Kristin hauge

Kristin Hauge debuterer med fengslande noveller frå tre verdsdelar.

Foto: Eigil Korsager

Ikkje berre fordi forfattaren kan skilte med ein CV som inkluderer arbeid ved norske ambassadar i Khartoum og Kabul, men det er klart: den typen erfaringar løftar novellene og får dei til å stå fram som noko anna enn slike det går tretten av på dusinet.

Hauges 13 noveller er innom bydelar i Oslo, så vel som diplomatliv i Afghanistan og Sudan. Likevel har historiene visse felles trekk. Ein ting er tonen til forfattaren, ein annan sak er at vi kjem inn på personar som lever liv der noko ikkje er heilt som det skal. Det kan vere at dei nærmaste verken er nære eller kjære. Eller personane kan vere låst i situasjonar dei ikkje finn vegen ut av. OK, vi er på eit ganske allment plan her, det er på tide å konkretisere.

Gylne bur og glatte telefonseljarar

I novella «Stanken av frangipani» møter vi klisjeen diplomatfrue i gullbur. Ein stad i Afrika, kanskje i Sudan, pimpar ho brennevin ved bassengkanten og irriterer seg over tenestefolka mens ho ventar på at noko skal skje. Men når noko skjer, er det slett ikkje det ho ønskte seg.

Dramatikk på eit anna nivå er det i «Synkehull», der ei gammal dame auser ut pengar til alle dei hyggelege folka som ringjer og tiggar gåver til gode formål. Det ho ikkje veit, er at til og med veldedige organisasjonar sender ubetalte krav til inkasso.

Både høgdramatikk og skurr i kvardagen er skildra på ein nedpå, men likevel medrivande måte. Om somme av personane kan vere klisjeaktige, så er ikkje historiene det, berre så det er nemnt.

Ja, dette fungerer

Mange novelleforfattarar legg mykje flid i å lage ein vri på slutten som kastar nytt lys over heile handlinga, eller ei uventa vending i aller siste runde. Hauge vel, for det meste, ei motsett løysing. Ho let det skine gjennom at historia skal gå vidare sjølv om novella er slutt. Ein forventa dramatikk kan vere lagt etter siste punktum. Det er ikkje den lettvinte løysinga; ytre dramatikk kan vege opp for så mang ei svak side ved ein tekst.

For ein forfattar som har språk, karakterteikning og dramaturgi på stell, er det derimot eit godt grep, som kan opne for både ettertanke og meddikting. Vår debutant her får det til å fungere. Det er ei glede å lese noveller om folk som ikkje liknar meg på stader der eg aldri har vore, men som likevel engasjerer. Særleg heldig hand har ho med dei lengste novellene. Eg les gjerne fleire noveller av Kristin Hauge.

Passar for deg som

  • er for å utvide horisonten din
  • set pris på godt språk

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.