Hopp til innhold

Glenn Solberg sniffa lim og stal bil som 10-åring

MALLORCA (NRK): Barndommen til Glenn Solberg var tøffare enn for dei fleste. Semifinalisten frå «Mesternes Mester» trur idretten redda livet hans.

Glenn Solberg

BLODSLIT: Glenn Solberg kjempar for finaleplassen i «Mesternes Mester».

Foto: arne sørenes / nrk

Det var i det andre programmet av «Mesternes Mester» at handballegenda Glenn Solberg letta på sløret om eigen barndom. I portrettet som vanlegvis handlar mest om store idrettsprestasjonar, fekk sjåarane høyre eit tøff historie om tre brør frå Lier som ikkje hadde den lettaste oppveksten:

– Kenneth, Ronnie og Glenn. Når du døyper barna dine det, veit du, så må det jo gå gale.

Glenn Solberg har oppnådd det meste på handballbana. Men som yngstemann i barneflokken i Lier søkte han mot dei eldre brørne og venene deira tidleg på 1980-talet.

glenn solberg

DET ÅRET HAN VART 11: Glenn Solberg flytta til eit nytt område den året han fylte 11. Då han byrja i 5. klasse på den nye skulen, kom han inn i eit miljø der mange av kameratane dreiv med handball og fotball.

Foto: privat / nrk

– Kvardagen var ganske tøff, miljøet var hardt. Eg røykte jo fast, eg sniffa bensin og lim, og eg stal bil før eg var 11.

Men så flytta familien til eit nytt område, og Glenn byrja i ein klasse der mange av gutane dreiv med idrett.

– Og då var det jo heilt naturleg for ein 11-åring å byrje med handball og fotball.

Utslått med minste margin

I «Mesternes Mester» vann Glenn Solberg den aller siste øvinga i semifinalen der «Vinnervilje» stod på programmet. Likevel vart han sist i samandraget, ettersom Hanne Haugland vart nummer to i den siste øvinga; tygdekraft.

Solberg klarte 36 lengder med sandsekkar som til sist vog 120 kg fordelt på overkroppen. Haugland klarte 33 og kneip dermed akkurat andreplassen som var det som gjorde at ho gjekk vidare i staden for Glenn.

Glenn Solberg og Hanne Haugland

KONKURRENTAR OG VENNER: Det var Glenn Solberg og Hanne Haugland som kjempa om den siste finaleplassen i «Mesternes mester». Til slutt var det Haugland som gjekk vidare med minst mogleg margin.

Foto: Arne Sørenes / nrk

– Det er klart at det er sinnsjukt kjipt å ryke ut no, så nære finalen. Men det var godt å vinne den siste øvinga, det hadde eg faktisk ikkje trudd. Så eg er eigentleg veldig stolt og nøgd med det, sa Solberg like etter at utslaget var eit faktum.

Alt i det andre programmet i den tiande sesongen av «Mesternes Mester» imponerte Glenn Solberg i den aller fyrste nattesten i 2019. Då viste han ei imponerande reaksjonsevne som sendte skiskyttar Ann Kristin Flatland ut av konkurransen som fyrste kvinne.

Då Tom Hilde seinare skulle velgje konkurrent til nattesten unnlot han å velgje Glenn, nettopp på grunn av dette:

– Eg har jo sett Glenn i nattest tidlegare, og då tenkte eg at dersom nokon vel han, så er dei ganske dumme.

Hilde tapte likevel mot Hanne Haugland som på imponerande vis vann heile fire nattestar i årets utgåve av «Mesternes Mester».

Neste veke er det klart for finale der Haugland skal opp mot Pål Anders Ullevålseter og Karoline Dyhre Breivang.

Trenaren som kanskje redda livet hans

Glenn Solberg hadde ei eventyrleg handballkarriere og vart seriemeister både i Noreg og i Tyskland. I tillegg vann han de spanske Copa del Rey då han spela for topplaget FC Barcelona.

Men hadde det ikkje vore for fotballtrenaren Anders Eggum, så hadde truleg Solberg aldri blitt toppidrettsutøvar. Av og til tenkjer han at det kunne gått skikkeleg gale.

For då Solberg flytta til den nye skulekrinsen i femteklasse, braut han ikkje kontakten med dei gamle kameratane. Ofte skulka han treningane, og hang heller på gatekjøken og gatehjørner. Då kom trenaren og henta han:

glenn solberg fotballag

TRENAREN OG LAGET: Fotballtrenaren Anders Eggum (heilt til venstre øverst) betydde mykje for Glenn Solberg i oppveksten. Solberg er nr fire frå venstre i den øvste rekka.

Foto: privat / nrk

– Anders Eggum har betydd utruleg mykje for meg fordi han var ein trenar som brydde seg og tok vare på meg.

Når unge Solberg var ute og dreiv med ting som ikkje var bra, kom trenaren og plukka han opp. Gong etter gong.

No er Solberg sjølv trenar for førstedivisjonsklubben St. Hallvard heime i Lier. Der prøver han å vidareføre noko av Eggum lærte han som ung.

For at nokon verkeleg brydde seg vart heilt avgjerande for at det unge balltalentet valde å bli i idrettsmiljøet:

– Det redda antakelegvis livet mitt, seier Glenn Solberg.

Portrett av Glenn Solberg fra Mesternes Mester

Sjå portrettet av Glenn Solberg fra «Mesternes Mester«».

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober