Gledelege tal for «Valkyrien»

Meir enn 800 000 såg dei to første episodane av NRKs nye spenningsserie søndag kveld.

Sven Nordin i rollen som kirurgen Ravn i NRK-serien «Valkyrien»

SJÅARMAGNET: Sven Nordin spelar rolla som legen Ravn i «Valkyrien».

Foto: ERIK AAVATSMARK/TORDENFILM

– Det er gledeleg med så høge sjåartal når vi prøver noko nytt, seier NRK-produsent Tone Rønning.

LES OGSÅ: Sven Nordin om «Valkyrien»: – Seriens svarte tematikk treffer tidsånden

Sven Nordin og Pål Sverre Hagen speler i to av hovudrollene i serien. Handlinga i «Valkyrien» går føre seg på ein nedlagt T-banestasjon på Majorstua i Oslo.

Dei to første episodane av «Valkyrien» blei sendt søndag. Den første episoden med litt fleire sjåarar enn den andre.

Halvparten av alle som såg på tv i det tidsrommet såg på «Valkyrien».

Første søndag etter nyttår går for å vere eit godt sendetidspunkt fordi mange sit klistra til tv-skjermen. Til samanlikning hadde «Mammon 2», som hadde premiere første søndag etter nyttår i fjor, 600 000 sjåarar når den blei sendt på TV.

Serien har eit budsjett på 65 millionar kroner. NRK har bidratt med 60 prosent av budsjettet, medan Norsk filminstitutt (NFI) og Nordisk Film og TV står for resten.

Drahjelp av slektsgransking

«Valkyrien» fekk god drahjelp av «Hvem tror du at du er?» som gjekk i forkant av spenningsserien. 916 000 fekk med seg Kjetil André Aamodt som jakta på sine røter i sesongpremieren av dokumentaren om slektsforsking.

Tone C. Rønning

FORNØGD: NRK-produsent for Valkyrien Tone Rønning kryssar fingrane for at folk heng med til siste episode.

Foto: Julia Marie Nagelstad

– Vi hadde ein god «lead-in» med «Hvem tror du at du er?». Men ein så påkosta serie som «Valkyrien» bør trekke mange sjåarar til kanalen uavhengig av kva som blir sendt før og etter, seier Rønning.

Det er totalt åtte episodar i serien, som blir sendt på NRK1 dei seks neste søndagane.

– Vi kryssar fingrane for at folk vil elske det dei ser. Det er viktig for oss at folk liker det og omfamnar det. Det er nesten vel så viktig som sjåartala. Eg håper folk henger med oss, det er ein morosam siste episode, røper Rønning.

Kulturstrøm

  • Pris til «Kunstneren og tyven»

    «Kunstneren og tyven» vant prisen for beste nordiske dokumentarfilm på Nordisk Panorama i Malmö torsdag. I tillegg vant «De berørte» kortfilmprisen og «Fucking adopt» vant Best Nordica Voices-prisen, skriver Norsk filminstitutt i en pressemelding.

  • Hun har skrevet årets ungdomsbok

    Neda Alaei fra Moss fikk torsdag Uprisen for «Dette er ikke oss» i konkurranse med blant andre Trygve Skaug og Thomas Enger. Prisen arrangeres av Foreningen! les i samarbeid med Norsk Litteraturfestival og Den kulturelle skolesekken. Alaei har tidligere blitt tildelt Kulturdepartementets debutantpris og Bokbloggerprisen for samme bok. Hør forfatteren fortelle om boka i intervju med NRK Østfold: