Hopp til innhold

Gjer narr av nordmenns «ølsnobberi» i nytt dataspel

«Dude, Where Is My Beer?» handlar om å finna ein pils i jungelen av ulike ølsortar. Spelkritikar i NRK ser ei blomstring i norsk spelindustri.

Arik Zurabian har utvikla nytt dataspel

LANSERING: Arik Zurabian har laga sitt aller første dataspel nokosinne. Spelet blir lansert i dag, men fleire tusen har det allereie på ønskeliste.

Foto: Ida Yasin Andersen / nrk

– Historia byrjar med at det kjem ein person til Oslo med buss, og det einaste han treng etter den lange turen, er ei pils, fortel spelutviklar Arik Zurabian.

Men det å finna ein heilt vanleg pils, er ikkje alltid like enkelt når ein kan velja i eit hav av ulike øltypar i barane.

Nettopp dette er temaet i det nye indiespelet «Dude, Where Is My Beer?». Her må ein innom ein haug med barar, oppgåver og hundrevis av øltypar på leit etter den vanlege pilsen.

Spelkritikar Rune Fjeld Olsen i NRK meiner spelet har klart å ta mikrobryggeri-kulturen på kornet, med kjærleik og humor.

Han fortel at han aldri har sett så mange norske spel lansert som dette halvåret.

Uvanleg mange norske spel

Tidlegare har NRK fortald at små indieselskap knusar store spelselskap i internasjonal samanheng. No er Olsen også svært optimistisk for den norske spelindustrien.

Tal frå Norsk filminstitutt (NFI) viser at mellom 6 og 15 norske spel vanlegvis blir lanserte i løpet av eit heilt år. Men berre i løpet av dette hausthalvåret blir 12 norske spel lanserte, ifølge Olsen. Det er eit sjeldan tal.

– Det går jo litt i bølger, og me har hatt slike bølger tidlegare, men det har aldri vore så mange spel. Eg tenker det vitnar om ein industri i blomstring. Det kjennest som at det er noko i emning her, som kan bli veldig spennande, seier Olsen.

Han legg til at det er spennande at fleire av spela også har fått merksemd internasjonalt.

– Særleg Helheim Hassle, Embracelet, Dwarfheim, Conan Exiles: Isle of Siptah og Mørkredd, får grei merksemd.

Spelansvarleg Kaja Hench Dyrlie i NFI trur dette er ein trend som fortset.

– Me har fullført den tredje og siste tilskotsrunden i år for utviklingstilskot til spel. Og me veit at det er oppsiktsvekkande mykje kvalitet som for tida er under utvikling.

Ho meiner alt tyder på ei svært lys framtid for norsk spelbransje.

Humoristisk skråblikk på ølkulturen

«Dude, Where Is My Beer?» beskriv Zurabian som eit klassisk peik og klikk-eventyrspel, med inspirasjon frå 90-talet.

Dude, Where Is My Beer?

90-TALSGRAFIKK: Zurabian laga spelet saman med ein kostarikansk illustratør, Edo Brenes. Musikken har norske David Børke laga.

Foto: Skjermdump «Dude, Where Is My Beer?»

Han fortel at det er eit satirisk blikk på all den mikrobryggeriøl-kulturen som har eksistert ei stund.

– Eg er jo eigentleg glad i alle mogelege rare øl, men eg har ein del vener som saknar å gå på ein bar å bestilla ein pils utan å få altfor mange oppfølgingsspørsmål.

– Trur du folk kjem til å sjå humoren i det, eller trur du folk blir provoserte?

– Eg har allereie fått ein del tilbakemeldingar frå begge sidene. Veldig mange kan relatera til denne karakteren. Nokon har sagt at det er ikkje «så vanskeleg» å få tak i pils, men ein må sjå det med litt humor. Det er eit slags parallelt univers, kan ein seia.

Hyllar spelet

Spelet blir lansert i dag, men allereie har nærare 3000 folk det på ønskeliste på spelplattforma Steam.

Olsen fortel at sjangeren var veldig populær på 90-talet, og meiner det kan vera ein marknad for slike eventyrspel.

Rune Fjeld Olsen

OSLO: Sjølv om spelet er proppfullt med Oslo-referansar, trur Olsen at alle som bur i ein større by kan kjenna seg igjen.

Foto: Privat

– Spelet kom i utgangspunktet litt ut frå ingenting. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle venta, men overraskande nok var det utruleg morosamt. Det er eit vellaga peik-og-klikk eventyrspel med genuin humor, seier han.

Kulturstrøm

  • «That '70s Show»-skuespiller kjent skyldig i voldtekter

    En jury har kjent skuespiller Danny Masterson, som spilte i komiserien «That '70s Show» på 2000-tallet, skyldig i to av tre voldtekter han er tiltalt for.

    Den tredje voldtektstiltalen har bakgrunn i anklager fra en mangeårig kjæreste av Masterson. Juryen, som besto av sju kvinner og fem menn, stemte åtte mot fire for å frikjenne skuespilleren i dette tilfellet.

    Han kan få opptil 30 års fengselsstraff.

    Tiltalene mot Masterson ble reist tilbake i 2020. Det er andre gang saken er oppe for retten. I desember i fjor klare ikke juryen å komme til enighet.

    Den omstridte Scientologikirken har spilt en vesentlig rolle i Mastersons sak. Ifølge påtalemyndigheten voldtok skuespilleren kvinnene, som var medlemmer av kirken, i hjemmet sitt i Hollywood Hills mellom 2001 og 2003.

    (NTB)

    «That '70s Show»-stjernen Danny Masterson (t.h.) ble onsdag funnet skyldig i to voldtekter fra tidlig 2000-tallet
    Foto: AP
  • Røynesdal ny direktør i Nasjonalmuseet

    Ingrid Røynesdal blir ny direktør i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

    Røynesdal kommer fra jobben som administrerende direktør for Oslo-filharmonien, der hun har vært leder siden 2013.