Jennifer Aniston, Courteney Cox, Lisa Kudrow, Matt LeBlanc, Matthew Perry og David Schwimmer vart store stjerner etter at serien, som fekk den norske tittelen «Venner for livet», hadde premiere i 1994. I 10 år var dei superkjendisar, inntil serien vart nedlagt i 2004, til den store sorga til fansen.
Det har i åra etter vore mange rykte om ei gjenforeining.
No skal dei gamle vennene samlast i det same filmstudioet der dei originale ti sesongane vart filma, melder bransjenettstaden Variety.
VENNER FOR LIVET: For dei som voks opp på nittitalet vart namna Ross, Rachel, Monica, Chandler, Phoebe og Joey like legendariske som kafeen «Central Perk» og The Rembrandts' låt «I'll Be There For You».
Foto: NBC/NTB ScanpixDei ti sesongane med «Friends» vart sende frå 1994 til 2004. Serien er i dag ein av dei mest sette på strøymetenesta Netflix.
Variety melder at kvar av skodespelarane får 2,5 millionar dollar for å vere med i episoden. 2,5 millionar dollar svarer til rundt 23 millionar norske kroner.
EMMY-PRIS: Friends-gjengen fekk Emmy i 2002: David Schwimmer (f.v.), Lisa Kudrow, Matthew Perry, Courteney Cox, Jennifer Aniston og Matt LeBlanc.
Foto: LEE CELANO / AFP/NTB ScanpixSpesialepisoden, og alle de tidlegare 236 episodane, kjem på ein ny strøymeteneste, HBO Max.
LES OG:
KULT-SERIE: Rundt 52,5 millionar amerikanske sjåarar så siste episoden i 2004. Skodespelarane fekk den gong 10 millionar kroner per episode. Rollefiguren Rachel var den største stjerna og særs kjent for hårsveisen.
Foto: HO / REUTERS