Girl in Red hylla av ein av verdas største artistar

Marie Ulven, betre kjent under artistnamnet Girl in Red, slapp i går debutalbumet sitt. Popdronninga Taylor Swift er blant dei som rosar musikken hennar.

Marie Ulev, Girl in Red, på scenen

Girl in Red har oppnådd suksess på den internasjonale scena.

Foto: Lars Opstad / Lars Opstad

22-åringen frå Horten gjorde braksuksess i 2018 då ho vann årets Urørt med låten «I wanna be your girlfriend».

Etter det har ho fått millionar av fans og rocka på scener verda rundt. Det siste året har ho blitt hylla for musikken sin, og for å vera eit skeivt forbilde verda over.

Girl in red er ute med debutalbumet. Ho haustar ros frå alle kantar.

Girl in red er ute med debutalbumet. Ho haustar ros frå alle kantar.

Nyleg peika prestisjetunge Forbes ho ut som ein av dei 30 mest lovande artistane i Europa.

I går kom ho ut med debutalbumet sitt «If I Could Make It Go Quiet»og lovorda har ikkje venta på seg.

Popdronninga Taylor Swift er blant dei som kjem med hyllest.

Taylor Swift hyller Girl in Red sitt debutalbum.

Taylor Swift meiner musikken til Girl in Red er spektakulær.

Foto: taylorswift / Instagram

«Dropp alt du har i hendene og strøym og kjøp dette albumet fordi det er spektakulært!» skriv ho på sin Instagramprofil.

Ho har tagga Girl in Red, som på sin Instagram svarte med «Taylor Swift, eg elskar deg».

Bortimot komplett debut

Taylor Swift er blant dei mestseljande popartistane i historia, og er den fyrste kvinnelege artisten til å vinne Grammy for beste album heile tre gongar.

Taylor Swift

Taylor Swift er blant dei mestseljande popartistane i historia.

Foto: Evan Agostini / AP

Men det er ikkje berre ho som lovprisar det fyrste albumet til Girl in Red. Musikkmeldarar både her heime og i utlandet gir ho toppkarakter.

NRKs musikkmeldar skriv blant anna:

«At steget frå soverommet til arena-pop er vellukka, er heva over ein kvar tvil. Girl in Red er framleis Girl in Red, og med «If I Could Make It Go Quiet» stadfestar ho posisjonen sin som ein av landets aller mest interessante artistar.»

Ho har også stadfesta sin posisjon over dammen. På låten «Serotonin» har ho fått med seg ein av dei mest ettertrakta produsentane for augeblikket, FINNEAS, som er broren til popidolet Billie Eilish.

Girl in red live på P3 med songen «Rue» som er ute på debutalbumet.

Opptre på eit av verdas største talkshow

Oppturane for Girl in Red står verkeleg for tur. For to veker sidan tok ho i mot Spellemannsprisen for årets internasjonale suksess.

Og fyrstkomande måndag skal ho opptre på Jimmy Fallon som er eit av verdas største talkshow.

Han husar gjestar som Justin Bieber, Miley Cyrus, Shawn Mendes og andre internasjonale stjerner.

Men det er ingen fare for at ho skal miste bakkekontakten. Ho har nemleg diva-angst.

girl in red spelar fingerboard

Marie Ulven har mange talent. Blant anna er ho svært dyktig i «fingerboarding». Ho var med i VM i «fingerboard» som 14-åring.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

Diva-angst

– Eg er veldig redd for at eg plutseleg skal bli ei bitch, seier ho til NRK.

Ulven vil ikkje vere ein som trur ho er betre enn andre. Det strir mot hennar kjerneverdiar som er å vere ein god, varm person, forklarar ho.

– Og så einsamt det høyrest ut også. Eg har ikkje lyst til å vere einsam.

Ein av dei som held føtene hennar godt planta på bakken er hunden hennar Luna, som har betydd mykje for ho det siste året.

Girl in red - ute på tur med hunden

Marie Ulven er svært glad i hunden sin Luna. Her tar dei ein pust i bakken.

Foto: Inger Kristine Lee / NRK

– Eg har det mykje betre med meg sjølv no. Eg berre elskar Luna, ass, seier ho før ho legg til:

– Eg får berre fortsette å bli audmjuka mens eg plukkar opp driten til bikkja mi og leve mitt beste liv.

Kulturstrøm

  • Hjertevarm idrettsdokumentar

    Dokumentaren «Sisters on Track» handler om tre søstre fra Brooklyn, New York, som alle er talentfulle løpere. Det er norske krefter på produksjon og regi. – Engasjerer både på og utenfor idrettsbanen, skriver Sigurd Vik i Filmpolitiet. Terningkast 4.

    Fra Netflix-dokumentaren "Sisters on track"
    Foto: Derek Howard/Netflix
  • Britney Spears: – Jeg var flau

    I et innlegg på Instagram torsdag skriver den amerikanske artisten Britney Spears at hun er lei seg for at hun gitt inntrykk av at hun har hatt det ok de to siste årene.

    –Jeg var flau over å dele det som skjedde med meg, skriver hun.

    Britney Spears vitnet i et rettsmøte dagen før der hun ba dommeren om å oppheve vergemålet hennes far over henne.

  • Skuespiller Med Reventberg er død

    Den svenske skuespilleren og teatersjefen Med Reventberg er død, 73 år gammel, melder SVT. Hun var med på å starte Nationalteatern i Sverige på 1970-tallet. Med Reventberg har spilt flere roller, blant annet Ortrud i tv-serien om Kurt Olsson, og i filmen Ronja Røverdatter.