- Det er klare skiljeteikn på kven som vil noko og kven som spelar berre for moro skuld.
Bassist i Prentice Wood Roy Reitan (27) er krystallklar i
Anders Rasmussen på gitar
sin tale. Dei fire medlemane av bandet frå Tromsø har forstått kor mykje arbeid som må til for å slå igjennom. I fire år har bandet brukt sparepengar og fritid på sin store draum: - Å bli det nye pophåpet frå Nord Noreg.
Gode kontaktar
I tillegg til Roy består Prentice Wood av Øystein Berg Olsen (24) vokal og gitarist, Anders Rasmussen (24) på gitar og Andreas Jentoft (27) på trommer og perkusjon. Sistnemnde er fiskerikandidat og har vore med i vel eit og eit halvt år medan dei andre starta i 1998. Øystein, Anders og Roy er alle lærarstudentar.
Andreas Jentoft på trommer
Det siste året har bandet brukt mykje tid på å knytte kontaktar.
- Vi har kontaktar både i Tyskland og USA. Det gjeld å bruke venner og kjende, meiner Roy.
- Har de lukkast så langt?
- Ting tek tid, men eg veit at kontakten vi har i USA har gått å nynna på melodien "All that I would do" sidan han høyrde den. Han sa at han gleda seg til å bringe den vidare til gode kontaktar.
Øystein Berg Olsen på vokal og gitar
ELF
Prentice Wood er eigentleg ein stad i England. Det har bandet lagt merke til. Nyleg vart dei kontakta av ein kar frå staden som ville vite meir om bandet.
- Det morsame var at han hadde eige studio i byen. Kanskje han vil ha oss over ein gong, seier Roy. Det er likevel rockegruppa ELF som er inspirasjonen til namnet.
- Like etter at vi hadde starta opp i 1998, fekk vi spørsmål om å vere med på studentmaraton her i Tromsø. Vi
Roy Reitan er bassist
hadde eigentleg ikkje noko namn, men hadde høyrt namnet Prentice Wood i ein song av ELF. Det er der det kjem i frå.
Betre for band i Tromsø
På dei fire åra har Prentice Wood halde konsertar fleire stadar i Nord Noreg. Til hausten vert det og eigen turne i landsdelen. Den siste tida har dei og knytte kontaktar på Austlandet. Publikum er trufaste ved konsertar i Tromsø, forklarer Roy Reitan.
- Det er mykje enklare for lokale band å opptre i Tromsø i dag enn kva det var for 10 år sidan. Utestadane vil ha lokale band og publikum møter opp. Publikum vert og meir trufaste. På dei siste konsertane vi har hatt, har det kome svært mange som eg aldri har sett før. Det ser ut som om fleire har lagt merke til oss.
- Og no er draumen å blie enda meir lagt merke til?
- Ja sjølvsagt. Eg har ein draum om å kunne legge igjen bankkortet på stampuben, for så å hente det neste dag. Eg vil spandere på ein haug med gode vener, humrar Reitan.