Av Espen Alnes
Når Ibsen-året opnar 14. januar neste år, blir det startskotet for ei storstilt markering av ein av dei mest spela dramatikarane i verda.
I tillegg til at skodespela skal visast både i Noreg og i utlandet, vil Utanriksdepartementet også bruke Ibsen som eit lokomotiv for anna kunst og kultur, seier statssekretær Kjetil Skogrand.
I Noreg skal Ibsen markerast mellom anna med Terje Vigen-regatta i Grimstad og ekstra satsing på Ibsen-festivalen ved Nationaltheatret neste år. I tillegg skal Ibsen avbildast på ein ny 20-kroners mynt, Ibsen-sitat skal fellast ned i fortauet frå Grand Café i Oslo til Ibsen-museet i Arbiens gate.
Ny dramatikk inspirert av Ibsen skal visast på ei rekkje teaterscener og i NRK. Øya-festivalen i Oslo er også i dialog med ei rekkje metal-band om å markere Ibsenåret musikalsk under festivalen i august.
Med Peer til Egypt
I utlandet blir Ibsen-året innleia med «Hedda Gabler» i Mexico City og «Et dukkehjem» i Brussel. Peer Gynt-stemnet på Vinstra skal lage ein kortversjon av stykket, som dei mellom anna skal framføre i Central Park i New York City i oktober neste år.
Men høgdepunktet i utlandet blir kanskje Peer Gynt framført ved Sfinksen i Egypt. Her har den egyptiske regjeringa betalt både reise og opphald for dei som skal delta. Ibrahim Khalil ved den egyptiske ambassaden seier at det var viktig for dei å bidra.
Kulturnytt, NRK P2, 1. november 2005