– Varanen er utruleg flott, og me er kjempeglad i den, seier Joachim Ekeli.
Joachim Ekeli, dyrepassar på Akvariet i Bergen, er glad i vassvaranen som enno manglar eit namn. (Foto: NRK/Ingelin Røssland)
Viss han må velja seg ut nokre favorittdyr på Akvariet, kjem varanen høgt opp på lista. Joachim fortel at varanen er veldig roleg, snill og nysgjerrig på menneske. Derfor vil den nok trivast med å sjå fleire folk enn dei som jobbar på akvariet. Varanen er litt av eit matvrak, så det er viktig å passa på at den ikkje får for mykje mat. Frå å vera ein liten tass som kunne haldast i ei hand, er den blitt nesten 2 meter.
Kjempeøgler
Varanane er dei største øglene i verda, og ein slektning, komodovaranen, er den største øgla i verda. Komodovaranen lever berre på øya Komodo i Indonesia, og den seier ikkje nei takk til menneske på menyen. Den største varanen som er fanga, var 3,10 meter lang og vog 165,6 kilo.
Farleg bitt
Viss Joachim skal peika ut eit dyr han absolutt ikkje har lyst å bli bitt av, så er det varanen. Han har eit farlig bitt. Det som gjer bittet ekstra farleg er alle dei skumle bakteriane som finst i spyttet. Varanen et ein heil masse ekle greier for å få så mange bakteriar i munnen som mogleg. Forskarar har nett funne ut at det ikkje berre er bakteriane som gir varanen eit dødelig bitt, han har også gift i spyttet sitt.
Varanen ser da ganske så søt ut, men han har eit giftig bitt, så det gjeld ikkje å koma han for nære! (Foto: NRK/Ingelin Røssland)
Slu jeger
Gift og bakteriebittet er viktig for å gjera varanen til den dyktige og spesialiserte jegeren han er. Varanen går ikkje av vegen for å prøva seg på byttedyr som er langt større enn seg sjølv. Det han gjer, er å overfalle byttet, gi det eit bitt og så følgjer han etter dyret dei nærmaste dagane til dyret dør av bittet. Middagen er servert!
Den enno namnlause varanen på Akvariet i Bergen er veldig glad i rottemiddag! (Foto: NRK/Ingelin Røssland)