Geldof: –Vi er del av ein såpeopera

Bob Geldof fortel om korleis han oppdrog skandaledøtrene Peaches og Pixie.

– Dei har hatt nok av tid til å lære seg korleis dei skal takle pressa, seier han.

Video Bob Geldof hos Skavlan

SJÅ VIDEO: Bob Geldof i samtale med Fredrik Skavlan.

Rockemusikar og LiveAid-sjef Bob Geldof er ein av gjestane i kveldens «Skavlan».

To av dei fire døtrene hans, Peaches og Pixie, er blitt nesten like kjende som far sin. Dei er faste innslag i sladderpressa i England, og har mellom anna fått mykje merksemd for utagerande festing, dopbruk, korte ekteskap og nakenbilete.

– I England er familien min del av ein såpeopera, seier Bob Geldof.

Voks opp med kjendisar

I videoklippet over fortel han mellom anna om ein gong han måtte stoppe ei av døtrene frå å gå på fest.

– Eg er far, ikkje ven deira. Eg set klare grenser, seier musikaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peaches and Pixie

Peaches og Pixie Geldof er byrja bli like kjende som far sin.

Foto: BEN STANSALL / AFP

Mor til Peaches og Pixie, Paula Yates, var ein kjend TV-programleiar i England. Ho døydde av ein overdose heroin på 10-årsdagen til Pixie i 2000.

– Dei vokste opp bak scena og var med mor si på TV-show kvar veke. Ingenting av dette er uvanleg for dei. Dei kjenner alle i kjendisverda, så om dei vil ha ein jobb kan dei berre seie «Dette kunne eg tenkje meg å gjere», fortel Geldof.

– Eit naturleg fenomen

– Det er slik det er, det er ein familiebusiness. Eg skulle ønskje det ikkje var slik, men det er det, seier han om merksemda døtrene får.

Men han ser ikkje at det er noko merkeleg i det. Tvert om meiner han det er naturleg at pressa er opptatt av kjendisdøtrene.

– Dei går på festar, som alle ungdommar, men dei blir fotografert av pressa fordi dei er døtrene mine. Og når dei gjer sine eigne ting, blir pressa interessert i det. Dei har hatt nok av tid til å lære seg korleis dei skal takle eller ikkje takle det, seier Geldof.

Realitystjerne

Pixie Geldof

Pixie Geldof har ei suksessfull modellkarriere.

Foto: Alastair Grant / AP

I tillegg til Peaches og Pixie har Bob Geldof døtrene Tiger Lili og Fifi Trixibelle.

22 år gamle Peaches er kjent som motespaltist, modell og TV-stjerne. Ho gifta seg med musikaren Max Drummey i 2008 i Las Vegas, men ekteskapet varte i knapt eit halvt år.

Les: Peaches tatt på fersken

Ho var også ansikt for eit motemerke, men vart droppa då det dukka opp nakenbilete av henne på Internett.

Pixie er eitt år yngre og kjent som modell for Diesel, Levi's og Agent Provocateur.

Sjå tidlegare episoder av Skavlan i Nett-TV: Skavlan

– Må akseptere det

Rundt begge jentene har det svirra rykter om heftig dopbruk og festing.

Bob Geldof meiner det er ingenting dei kan gjere for å stoppe presseomtalen.

– Vi må akseptere det og byggje eit slags liv rundt det. Hald dykk sjølve intakte medan folk rundt skaper ei teikneserieverd, der ein slags avatar av deg kan eksistere, er det faderlege rådet Bob Geldof gir.

Skavlan ser du på NRK1 i kveld kl. 21.30. I tillegg til Bob Geldof, som spelar live, er mellom anna hekkeløpar Christina Vukicevik og far hennar Peter, samt ballerina Maiko Nishino med.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Filmen «Top Gun Maverick» utsatt

    Premieren på oppfølgeren til 80-tallsfilmen «Top Gun» er utsatt til desember, melder nyhetsbyrået AP. Filmen med Tom Cruise i hovedrollen skulle hatt verdenspremiere i juni, men på grunn av korona-epidemien er ny premieredato satt til 23. desember.

  • Pink testet positivt for korona

    Sangeren Pink opplyser at hun har og hennes tre år gamle sønn har testet positivt for koronaviruset. Hun sier at hun og sønnen hadde symptomer for to uker siden, og at de da testet positivt. Familien har siden holdt seg i hjemmekarantene.

Flere kulturnyheter

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?

All By Myself med KORK (Korona edition)

Hjemmekontor kan være ensomt, også for KORK, men hvem blir ikke glad av å spille denne udødelige klassikeren alenesammen?