Ungdom har knapt nok høyrt om den franske kunstnaren Paul Gauguin, og dei færraste nordmenn har sett kunsten hans i Norge.
For første gong sidan 1955 blir ei omfattande samling av den franske kunstnaren Paul Gauguin vist her til lands.
Utstillinga «Med lukkede øyne» på Munchmuseet består av ei mengd grafiske arbeid av Gauguin og Munch. I tillegg inneheld utstillinga oljemåleri, keramikk, treskjering og trykkplater.
– Denne utstillinga utforskar grafikken til både Munch og Gauguin. Hovudtesa til kuratoren av utstillinga, Ute Kuhlemann-Falck, er at begge kunstnarane er veldig eksperimentelle i måten dei laga grafikk på, fortel kunstformidlar Tove Aadland Sørvåg.
Norske anar
Paul Gauguin har fleire etterkommarar i Norge. Ketil Torstenson var berre fire år sist oldefarens kunst blei vist i Norge for meir enn 60 år sidan. Difor er dette ei stor hending for han.
– Det er ein fantastisk begivenhet. Og denne utstillinga er spesiell ved at den fokuserer på grafikken og trykka hans, seier Ketil Torstenson.
Gauguin var født i 1848 og Munch i 1863. Felles for dei to var at dei tok i bruk nyskapande teknikkar, og laga kunst som sprengte grenser ved førre hundreårsskifte.
Før opninga av Gauguin-utstillinga på Munchmuseet var fleire av etterkommarane til Paul Gauguin invitert til museet for ei omvising.
Ketil Torstenson har vore på mange Gauguin-utstillingar i utlandet, men har aldri sett liknande.
– Eg har aldri sett ei sånn flott samling av hans trykk. Og så er parallellen til Munch utruleg spanande, seier Torstenson.
Utstillinga står til 24. april i år.