Hopp til innhold

Går glipp av grasrotpengar

Kulturlivet får i dag berre ei av fire grasrotkroner frå Norsk Tipping. Men potensialet er stort for det frivillige kultur-Noreg.

Korps
Foto: Stig Morten Waage / NRK

Grasrotandelen som Norsk Tipping innførte i mars vil i løpet av sommaren ha sytt for 100 millionar kroner ekstra til frivillige lag og organisasjonar.

Men så langt stikk idretten av med tre av fire kroner som kjem inn via Grasrotandelen. Arve Sjølstad i Norsk Tipping seier at kor, korps og andre kulturforeiningar kan hente ut langt meir pengar dersom dei går inn for det.

Stort potensiale

- Det er framleis mange foreiningar og lag som ikkje er registrert i Frivillighetsregisteret, og som difor ikkje er synlege for vår spelarar. Og i tillegg er det mange spelarar som ikkje har registrert grasrotmottakar. Så her er det eit stort uløyst potensiale som kulturen kan gripe fatt i, seier Arve Sjølstad.

Grasrotandelen fungerer slik at fem prosent av innsatsen til kvar enkelt spelar går direkte til den foreininga spelaren sjølv vel, til dømes det lokale koret eller skulekorpset. Sjølstad er ikkje overraska over at idretten så langt får den største biten av kaken.

- Eg trur at dei var veldig flinke i starten. Dei var tidleg ute, godt organisert og klarte å vere synlege med å marknadsføre dette, seier Arve Sjølstad.

Ikkje eit tapt slag

Hilde Anette Aakre jobbar med strategi og utvikling i Norges korforbund. Ho meiner det ikkje er eit tapt slag at idretten så langt har knytta til seg flest Grasrotspelarar.

- Sjølv om vi er litt misunnelege på idretten, så ser vi på dette som ein utfordring. Eg trur ikkje vi nødvendigvis kjem til å konkurrere om dei same midlane, for her er det meir snakk om å utnytte eit ubrukt potensial, seier Aakre.

For det er framleis håp for det frivillige kulturlivet. Så langt har nemleg berre 400.000 av dei 1,9 millionar spelarane til Norsk Tipping registrert favoritt-foreininga si hjå Grasrotandelen.

Meir grasrotpengar enn idrettslaget

Årdalstangen musikklag frå Årdal i Sogn og Fjordane skil seg ut. Dei har gått mot straumen og har greidd å knytte til seg fleire spelarar enn det lokale idrettslaget - og stikk dermed av med mest pengar. Det kan dei truleg takke ein godt budd kampanje for, meiner leiar i musikklaget, Arne Harry Seim.

- Ein av dei tinga vi gjorde var å lage ein brosjyre, som vi delte ut til alle husstandane på Årdalstangen, fortel Arne Harry Seim.

Årdalstangen musikklag har så langt i år spedd på kontoen med over 55 000 kroner frå tippe-glade musikkelskarar i nærmiljøet. Arne Harry Seim oppfordrar korps, kor og orkester av ulike slag til å leggje ned litt arbeid i å få Norsk Tipping sine spelarar til å gje fem prosent av innsatsen til foreininga.

- Så mykje arbeid er det ikkje, det var ein del på førehand. Og så lyt ein følgje opp med jamne mellomrom, seier Seim.

Klar oppfordring

Aakre i Norges korforbund vil sejte i gong ein kampanje etter sommaren for å få fleire grasrotspelarar. Men allereie no har ho ei klar oppfordring til sine medlemmar.

- Gå aktivt ut blant venner og kjente og oppfordre til at dei legg inn sitt favorittkor på tippelappen sin.

Her kan du registrere deg som anten spelar eller foreining hjå Grasrotandelen .

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober