Fredag 12. november er dagen.
Då startar sesong to av «Førstegangstjenesten», og vi får endeleg eit gjensyn med blant andre ein krigsentusiast, ein bortskjemt russ, ein kvinneleg mannssjåvinist og ein identitetsforvirra fyr frå Oslo Øst.
Herman Flesvig innrømmer at han er spent på mottakinga.
– Det er ein skrekkblanda fryd, seier han.
SPENT: Herman Flesvig er spent, men klar for å vise fram den nye sesongen av «Førstegangstjenesten»
Foto: Ulrik Kramer / NRK– Det er som å stå naken framfor eit klasserom. Du er ganske sårbar, men på den andre sida så gler eg meg til å kle meg naken framfor eit klasserom, seier Herman Flesvig og ler.
Herman Flesvig spelar dei fleste karakterane i serien. I tillegg har han med seg Mikkel Niva og Jonas Kinge Bergland og Kristofer Hivju i biroller.
Nytt for sesongen er at Josefine Frida, kjent frå Skam, er med.
– Det å få profesjonelle folk på settet er alltid skummelt, for dei blir ein del av galskapen. Men ho gjorde ein formidabel jobb.
SKAM-STJERNE: Josefine Frida er også med i den nye sesongen.
Foto: NRKVinn billettar til premierevisning
Dagen før premieren, torsdag 11. november blir det førpremiere i Noregs største kinosal, Colosseum.
Her blir det raud løpar og stor kjendisfaktor, og ikkje minst kjem sjefen sjølv, Herman Flesvig. Men dette er fyrst og fremst ein førpremiere for fansen.
– Når ein er sliten på settet er det fansen ein tenker på. Dei er ein ekstra motivasjon, og det hyggeleg å gi dei moglegheita til å få ein førpremiere, seier Flesvig.
Og du kan vinne billettar.
Det gjer du ved å svare på quizen nedanfor. For å vinne må du leggje inn namn, nummer, alder og adresse. Aldersgrensa er 12 år.
Vinnarane blir vald ut frå grupper inndelt etter alder, kjønn og bustad.
Dei som vinn får to billettar kvar, men må ordne reise til og frå Colosseum på eiga hand.
Alle personlege data blir sletta etter at konkurransen er avslutta.
Synest du quizen er vanskeleg? Sjå sesong éin av «Førstegangstjenesten» i NRK TV.