Marja-Liisa Vartio:
Fuglene var hans (roman)
Oversatt av Nøste Kendzior
Bokvennen 2001
Eg aner berre ikkje korleis det skjedde.
For nokre kveldar sidan gjekk eg gjennom byen på veg til eit lukka kvinneselskap på Frogner. Eg var lova portvin og svart takk for å lese ny norsk poesi.
Men eg gjekk og tenkte på Trom. Kua som trappa spenen sin i jula. Eg ringte dyrlegen. Ho kom og sydde spenen. Eg huska at eg ikkje hadde spurt om korleis det gjekk med kua.
Ei due i magen
Det var da det skjedde. Eg fekk ei due i magen. Heilt ute av kurs, forvirra flaug ho rett på meg: Dua trefte meg i magen og slo lufta ut av meg. Liggande på gata, byrja tankane flyge.
- Ho er flink, dyrlegen, sa mamma.
Eg satt i peisen og prøvde lese Maria-Lisa Vartios roman "Fuglene var hans". Eg hadde plukka med meg romanen fordi biletet av Vartio var så vakkert.
- Kva sa du?, sa eg.
Mamma gjekk rundt i stua og vatna potteplantene sine. Ho har så mange potteplanter, mamma. Alle vindaugskarmane er overfylte og det står blomsterpotter på golvet.
- Ho er flink, dyrlegen, sa mamma. Men ho hadde det så travelt i dag…
- Jammen, det er jo ikkje så rart. Mannen hennar satt jo ute i bilen og venta på henne. Det er kaldt og det er jul, sa eg. Tykkjer du det er rart om ho ville skunde seg litt?
Mamma svara ikkje.
Fuglar og kvinner
Romanen "Fuglene var hans" handlar om prostinna Adele og tenestejenta hennar Alma. Dei har levd saman i årevis. Liva deira har stivna mot kvarandre. Prosten er død for lenge sidan, men lever saman med kvinnene gjennom den store fuglesamlinga som han etterlet seg. Adele lever ut kjærleiken og sorga over mannen gjennom desse fuglane. Ho steller med dei, flyttar på dei, passar og pussar på fjærene. Ho dullar med fuglane som om dei skulle vere barna hennar.
Sonen sin har ho lite med å gjere og dei få gongane han kjem på besøk, skiplar han den skjøre balansen mellom kvinnene og fuglane.
Den døde kjærleiken
For i stuene er det det den døde kjærleiken og minnet etter det levande som lever. Omsorga og fokuset på fuglane får omgivnadane, sure svigerinner og tjattrande naboar, til å oppfatte prostinna som litt smårar, eller spesiell.
Alma vekslar mellom forståing og avstandstaking frå husmora si sine mange nykkar og innfall. Lydig ber ho fuglane inn og ut, omplasserer dei slik at artar som passar saman står i rett forhold til kvarandre. Ein høk og ei linerle kan aldri bli jamlike, sjølv ikkje som døde eller utstoppa. For Adele er dette viktig, for Alma eit pes.
Liggande på gata, satt eg i peisen heime og las.
- Må du lese absolutt heile tida?
- Mh..
- Jammen må du det?
- Mmmm
- Ser du kaktusen har fått knoppar...
- Åja.
Det er dialogane mellom kvinnene som ber romanen fram. Forteljingane om livet før, om det som skjedde da, brannen, mannen og diskusjonane om kor det eigentleg vart av sølvtøyet, vev dei saman.
Det usagte
Gong på gong fortel dei livshistoriene sine til kvarandre.
Eller kanskje rettare, det er måten dei snakkar saman på, måten dei aldri kjem fram til noko, aldri legg noko frå seg, men stadig vender tilbake til det dei ikkje får klarheit i, det dei aldri kan nemne, det dei aldri kan seie, det dei aldri kan får uttrykt, eller formulert for seg sjølve og i alle fall ikkje for kvarandre.
Kanskje er det som ikkje kjem fram det viktigaste som blir sagt mellom kvinnene. Kanskje, det er det som gjer romanen.
Språket etablerer eit rytmisk mystisk rom mellom kvinnene:
Vaklande identitetar
Vartios meisterstykke er at ho heile tida vekslar i perspektiv. Blikket flyttar seg stadig mellom dei to kvinnene og teksten. Språket og spenningane går i bølgjer. Rytmane speglar, spelar og sprengjer erfaringane.
Relasjonane er skjøre. Identitetane vaklanede. Styrkeforholdet mellom dei to kvinnene blir stadig forandra.
«identiteten erkjennes oftest bare i sin negative form som noe en ikkje er eller ikkje vil være. Ut fra denne opplevelsen, med en tomhetsfølelse som utgangspunkt, forsøker de å bygge opp og utvikle en identitet», skriv omsettaren Nøste Kenzior i det svært informative etterordet.
Minne, språk og lavmælt kjønn
Kvinnene vakar og vaktar på kvarandre, som fuglar kommenterer dei kvarandre sine handlingar og tankar. For det handlar om kvinner, kjensler og stengsler. Det handlar om minne, språk og lavmælt kjønn.
Og det handlar om fuglar. Kvar person sin fugl. Kvar fugl sin person, for vipa er inga ugle. Kråka skrik. Duene kurrar.
Tankane flaug.
- Har det skjedd noko? Treng du hjelp? Ei gamal dame med hatt og pels bøygde seg ned mot meg, der eg låg på gata og retta fram handa.
- Nei da, eg er heilt fin. Eg fekk berre ei due i magen. Ho flaug rett på meg! sa eg og reiste meg. I fallet hadde eg knekt hælen på støvletten min. Alt for seint og med hælen i handa hinka eg vidare.
Av Nora Simonhjell
Ordfront, NRK P2
03.02.01