Hopp til innhold

Fryktar at personleg smak skal avgjere økonomien til store festivalar

Store festspel og festivalar går ei usikker framtid i møte når knutepunktordninga forsvinn. Petter Myhr i Olavsfestdagane fryktar at Kulturrådet vil la smak få avgjere kor pengane går.

Tone Hansen og Linda Hofstad Helleland

Leiar i Kulturrådet, Tone Hansen (t.v.), saman med kulturminister Linda Hofstad Helleland (H). Frå nyttår av får Hansen og Kulturrådet ansvar for knutepunktfestivalane som fram til i år har fått pengar direkte frå departementet.

Foto: Kulturdepartementet

2017 er siste året der eit utval festivalar og festspel tek imot mange millionar ekstra i støtte, direkte frå Kulturdepartementet, gjennom knutepunktordninga.

Petter Myhr

Direktør for Olavsfestdagane i Trondheim, Petter Myhr, er redd kunstnarisk smak skal avgjere skjebnen til store festivalar i framtida.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Knutepunktordninga var ei politisk handling der ein såg det som smart å ha svære kulturinstitusjonar utanfor hovudstaden, seier direktør for Olavsfestdagane Petter Myhr.

I 2015 blei ordninga vedteke nedlagt, frå nyttår av er nå alle festivalar søkje støtte frå Kulturrådet. Smale og små festivalar skal søkje frå same pott som store, institusjonelle festspel.

Olavsfestdagane, Festspela i Bergen, Moldejazz, Øyafestivalen og Riddu Riððu er mellom festivalane som har hatt knutepunktstatus.

Kritiserer det «langsiktige»

– Dette er ei ordning som har vart i 30 år og som vi meiner bør evaluerast, sa Ib Thomsen direkte på Dagsnytt 18 i 2015.

Ib Thomsen - Frp

Ib Thomsen, kulturpolitisk talsmann i Frp.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

Den politiske motstanden har vore der sidan ordninga blei til på 90-talet. Argumentet mot har vore at dei ekstra millionane til utvalde festivalar er urettferdig for andre.

No skal alle festivalar konkurrere på like vilkår. Festivalar kan søke om eittårig, treårig eller femårig støtte frå Kulturrådet. Det meiner Myhr er ei dårleg ordning.

– Det uroar meg at vi kanskje skal søkje kvart femte år. Etter eitt år er det blitt fire år, så tre år, og etter fire-fem år finst der inga langsiktigheit.

Myhr seier til NRK at den gamle ordninga, der ein søkte kvart år, blei opplevd som veldig trygg og langsiktig.

– Å ligge som ein eigen post på statsbudsjettet er alltid ein fordel, meiner Myhr.

– Ikkje uavgrensa pengepott

Som Olavsfestdagane er Moldejazz no uroa for finansieringa på sikt. Festivalsjef Hans Olav Solli sa til NRK måndag at festivalen håpte Kulturrådet ville sjå verdien i festivalen og at dei fekk femårig støtte.

– Hadde eg vore arrangør for Moldejazz så hadde eg ikkje vore så veldig uroa, sa kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

For Myhr i Trondheim er det likevel ikkje nok.

– No kjem vi til Kulturrådet som ikkje tenkjer politisk, men som tenkjer kunstnarisk. Då kan ein raskt tenkje at kunstnarisk smak blir avgjerande for om festivalar får pengar eller ikkje.

Tone Hansen, leiar i Kulturrådet, er tydeleg på at distriktspolitikk ikkje blir gløymt.

– Men det er klart det blir kunstnarisk blikk frå dei ulike fagfelta i vurderinga, ikkje berre politisk blikk.

At summane blir dei same til knutepunktfestivalane kan ho derimot ikkje love.

Dersom Kulturrådet skal kunne auke og styrke festival-Noreg, må vi også få meir midlar til å gjere det. Kulturrådet sit ikkje på ein uavgrensa stor pengepott, avsluttar Hansen.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)