Hopp til innhold

Fryktar kulturminne vil rase ned

Nyleg kollapsa eit hus i Pompeii. No fryktar kulturminne-ekspertar at fleire andre kjende kulturminne i Italia også vil rase saman.

Kulturminne rasa i Pompeii

Laurdag rasa eit hus saman i byen Pompeii, som i år 79 e. Kr. vart gravlagt av lava frå vulkanen Vesuv.

Foto: Salvatore Laporta / Ap

Katedralen i Firenze, Neros gylne hus i Roma, og tvillingtårna i Bologna er mellom kulturminna og turistattraksjonane, dei meiner kan lide same skjebne.

– Utan vedlikehald og med ikkje-eksisterande finansiering, star heile Italia i fare for å kollapse, sa Alessandra Mottola Molfino, leiar av organisasjonen Vårt Italia til AFP.

Huset som rasa saman i Pompeii har utløyst ein debatt om den manglande satsinga på kulturminnevern.

Manglar ein plan

Mottola Molfino meiner regjeringa har unnlete å tilsetje spesialiserte restauratørar og arkitektar som kan vedlikehalde og reparare kulturminna. Ho hevdar også at dei har lagt for lite vekt på effekten urban utbygging har på kulturminna.

– Dei to tårna i Bologna ligg midt i eit vegkryss, der mange tunge køyretøy dundrar forbi natt og dag, og gjer unkjend skade på dei eldgamle konstruksjonane, seier Mottola Molfino.

Colosseum

Tidlegare i år rasa ei blokk ned frå Colosseum i Roma. Også fleire andre kulturminne er dårleg vedlikehaldne.

Foto: Gregorio Borgia / Ap

Allereie i mai sette den nasjonale arkeologiske foreininga (ANA) opp ei liste over kulturminne dei meinte var i sterkt forfall. No meiner kulturminne-ekspertar at minst 40 andre stader er i fare.

– Vanstell og mangel på dei mest grunnleggjande fører til irreversibel skade på den arkeologiske arven vår, seier Tsao Cevoli frå ANA.

Skuldar på dårleg vêr

Den italienske kulturministeren, Sandro Bondi, hevda at kollapsen av gladiatorhuset i Pompeii skuldast dårleg vêr, og dårleg restaureingsarbeid frå 1950-åra.

Men Bondi åtvara også om at andre bygningar i Pompeii kan vere i fare. Fleire håper no at kollapsen i Pompeii kan presse fram ei reversering av dei varsla kutta i kulturbudsjettet.

Fredag skal alle museum, arkeologiske utgravingar, teater, parkar og bibliotek i Italia halde stengt i ein dags protest.

Protesten er retta mot regjeringa sine kutt i kultursektoren, som protestantane hevdar er eit tjuveri av landets framtid. Over dei neste tre åra er det nemleg planlagt eit kutt på 465 millionar kroner per år i kulturbudsjetta.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.