Hopp til innhold

Fritt Ord prisar journalistar

- Presseprisar til Aust-Europa er viktige fordi dei gjev uavhengige og kritiske journalistar nødvendig påskjønning, seier den russiske journalisten Zoya Svetova.

Zoya Svetova er ein av fire journalistar som onsdag får pris frå norske Fritt Ord og tyske Zeit-Stiftung, for arbeidet som maktkritisk journalist.

Svetova som frilansar for avisene Novije Isvestija og Ezjednevnyj Zjurnal, er svært oppteken av brot på menneskerettane i Russland.

- Ikkje redd

Då ho byrja å arbeide som journalist vart brot på menneskerettane eit naturleg tema. Båe foreldra hennar var forfattarar og dissidentar i sovjettida, og opplevde å bli fengsla og forviste av styresmaktene.

Etter kvart som Svetova sjølv skreiv om temaet tok vanlege folk til å vende seg til ho med sine historier, for at ho skulle skrive om dei.

Til NRK seier Svetova at den frie, russiske pressa gradvis har døydd ut etter at Vladimir Putin kom til makta i landet. Ho meiner at Russland har vorte ein autoritær stat som berre er ein imitasjon av eit demokrati, som igjen har ein imitasjon av ei fri presse.

HØR Moskva-korrespondent Morten Ruud: - Tøft å være frittalende journalist i Russland

Kritiske journalistar i Russland opplever å få truslar, verte arresterte og nokre har vorte drepne. Sjølv har ikkje Zoya Svetova opplevd slike trugande hendingar. Telefonen hennar er rettnok avlytta, men det tenkjer ho ikkje lengre særleg over.

Ho seier at ho ikkje er redd, og at ho synest det er naudsynt at nokon tek på seg denne jobben.

- Svært viktig pris

I samarbeid med den tyske Zeit-Stiftung i Hamburg, delar Fritt Ord ut presseprisar til journalistar og media i Russland, Kviterussland, Aserbajdsjan, Georgia og Sør-Kaukasus. Dei ynskjer å sette nettopp sensur og vanskelege arbeidsforhold for kritiske journalistar på dagsorden med prisane.

- For Fritt Ord er det viktig å rette merksemd på pressa sin situasjon i Russland og Aust-Europa. For Noreg er det av særs betyding at til dømes russisk presse har uavhengige og kritiske røyster, seier Bente Roalsvig, prosjektleiar i Fritt Ord.

Zoya Svetova tykkjer prisen ho får i dag er svært viktig. Ho seier at dei uavhengige journalistane sin kamp mot regimet, kan kjennast som like håplaus som Don Quijote sin kamp mot vindmøllene.

Vidare seier ho at det at vestlege land set fokus på brota på menneskerettar og ein fri og uavhengig presse i Russland og Aust-Europa, blir ei bekrefting av at det ein arbeider med er rett, og at ein må halde fram i same retninga.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.