Hopp til innhold

Åtvarar mot å la barn sjå 3D-filmar

Franske myndigheiter åtvarar mot å la barn under 13 år bruka 3D-teknologi. –Ikkje noko problem å ta med åtteåringen på 3D-film, meiner norsk optikar.

DENMARK-MUSIC-ROSKILDE

Eit ungt publikum får med seg Kraftwerk-konserten under Roskilde-festivalen i fjor. No åtvarar franske myndigheiter mot å la barn bruke 3D-teknologi.

Foto: KATRINE EMILIE ANDERSEN / Afp

Det franske helsedirektoratet ANSES kjem no med råd om å ikkje la barn under seks år bruka 3D-teknologi. Barn under 13 år bør moderera 3D-bruken, og direktoratet ber foreldre følgja nøye med.

ANSES viser i pressemeldinga til forsking som indikerer at 3D-bruk kan føra til synstrøttheit. Fenomenet oppstår når dei to auga samarbeider dårleg, og kan gje symptom som tørre auge, dobbeltsyn, hovudverk og konsentrasjonsvanskar.

Å la barn bruke 3D-teknologi er omdiskutert, i 2011 åtvara Nintendo barn mot å bruka deira mobile handkonsoll i 3D. Same år kunne NRK fortelja om seks år gamle Julian frå Honningsvåg, som vart skjegløygd og fekk dobbeltsyn etter å ha sett ein kinofilm i 3D.

Ifølgje BBC er det få land som i dag har retningsliner om barn sin bruk av 3D. Eit unntak er Italia, som har forsøkt å redusera bruken av 3D-briller blant små barn.

"Kan vera positivt"

Julian Mathisen (6)

Julian Mathisen frå Honningsvåg vart skjegløygd etter å ha sett 3D-film på kino.

Foto: Hilde Wøhni Joakimsen / NRK
Film Fall Preview

I desember kjem den nye 'Hobbiten'- filmen. Barn ned til åtte år kan sjå filmen som blir vist i 3D.

Foto: Mark Pokorny / Ap
Hans Torvald Haugo, fagsjef i Optikerforbundet

– Ta gjerne med deg åtteåringen på 3D-film, seier Hans Torvald Haugo, fagsjef i Norges Optikerforbund.

Foto: Kjartan Haugen

– Dess yngre ein er, dess lettare er det at synet kan bli skada. Synet er ikkje ferdig utvikla før barn når 12–15 årsalderen, seier Hans Torvald Haugo, fagsjef i Norges Optikerforbund.

Han vil likevel ikkje be norske myndigheiter om å følgja Frankrikes eksempel.

– Det er ikkje påvist noko klar årsakssamanheng mellom 3D-bruk og augeproblem. Me veit at 3D kan framskynda latente augeproblem blant barn. Dette kan me jo sjå på som noko positivt, ved at problema blir synleggjort og oppdaga på eit tidlegare stadium. Me har ikkje noko forsking som viser at 3D har ein negativ effekt på barn med friske auge, seier Haugo.

Storfilmen «Hobbiten: Smaugs ødemark» har noregspremiere 11. desember, den blir vist i 3D og har aldersgrense 11 år. Born på åtte år og oppover kan dermed sjå 3D-filmen, om dei har med seg vaksne.

– Eg vil ikkje rå foreldre frå å ta med seg åtteåringen på denne filmen. Det som er viktig, er at du følgjer med på barnet, og at dei går ut frå kinosalen om barnet føler seg uvel. Hugs på at born som til vanleg bruker linser eller briller, må også bruke desse når dei ser på 3D-skjerm, seier Haugo.

Frisk etter operasjon

Julian frå Honningsvåg vart operert for to år sidan, og har etter det blitt kvitt både hovudverk, skjeling og dobbeltsyn. No er han ein aktiv gut som driv med fotball, handball og svømming.

– Julian går ikkje på 3D-filmar på kino. Heldigvis har me ein flink kinostyrar her oppe, som tek inn dei store filmane også i 2D, fortel Jul-Ketil Henriksen, pappa til Julian.

Han meiner det bør vera opp til foreldra å bestemma om barna skal få sjå 3D-filmar, eller ikkje.

– Ein bør ungå det om barna viser teikn på synsproblem, seier Jul-Ketil Henriksen.

"Vel 2D, om du vil"

Helsedirektoratet skriv i ein epost til nrk.no at dei ikkje har noko råd å gje med tanke på barn og 3D-filmar.

Leder i Norske Kinosjefers Forbund, Arild Kalkvik, seier dei følgjer retningslinene frå norske myndigheiter.

– Nokre menneske kjenner kvalme og ubehag av å sjå filmar i 3D, me viser respekt for publikum ved å visa dei mest populære 3D-filmane også i 2D. Samstundes gjev jo 3D ei mykje sterkare filmoppleving, seier Kalkvik.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober