Franklin-dokumentar ute etter 46 år

Regissør Sydney Pollacks konsertfilm med Aretha Franklin frå 1972 får premiere i New York i desember. Filmen har fått namnet «Amazing Grace» og tar for seg innspelinga av livealbumet med same namn. Albumet har selt over 2 millionar eksemplar, og er det mest selde gospelalbumet gjennom tidene. På grunn av problem med musikkrettane har filmen ikkje fått kome ut før no, melder Rolling Stone.

Kulturstrøm