NRK Meny
Normal

Framtidas buss snart klar frå Vest Buss i Stryn!

Miljø står i høgsetet når Vest Buss AS planlegg og konstruerer framtidas buss.

Prototype på framtidas buss

Buss nr 1 frå Vest Bussfabrikk
Foto: NRK

Det er no 43 år sidan den første bussen rulla ut frå fabrikken i Stryn. Denne har dei no fått tilbake og restaurert.

Innan eit år skal framtids-bussen rulle ut frå fabrikken. Kalkyler viser, at ved å bruke karbonfiber i staden for stål og aluminium - kan ein spare rundt 100.000 kroner i driftskostnadar pr buss i året. Dermed vert det óg mindre utslepp av avgassar - og dette fører igjen til ein miljøgevinst.

Sikkert materiale

Karbonfiber er framtida! Det seier teknisk konsulent ved Vest Buss AS, Haldor Hove.Materialet er mellom anna brukt i dei nye flya - A380 Airbuss, i flytoget og på Signaturtoget. Bruken av karbonfiber vil redusere totalvekta på ein buss på 12 meter frå rundt 12 tonn til ca 7,2 tonn. Altså rundt 40 prosent. Ein skulle tru at dette reduserer sikkerheita, men det gjer det ikkje. Det er like sterkt som å byggje med stål og aluminium, seier Hove.

Samarbeid over kommunegrenser

Det nye prosjektet er eit samarbeid med båtprodusenten Brødrene Aa A/S i Hyen, som ligg i Gloppen kommune. Det er såleis eit Nordfjordprosjekt som vil sikre og samstundes skape nye og framtidige arbeidsplassar i to kommunar.

Ei lita verd er samla

På bussfabrikken i Stryn er folk frå fjorten nasjonar i sving. Derfor har det vore naudsynt med eige språkkurs for dei tilsette. Dette føregår ein gong i veka og er gratis for deltakarane. Heile 15 forskjellige yrke finn vi på fabrikken. Kvar dag rullar ein ny buss ut frå fabrikken, og om kort tid skal dei levere bygg nr 4189.

Rundt 200 bussar i året

Ein ny buss frå Vest Bussfabrikk
Foto: NRK

Det tek omlag 28 dagar å ferdigstille ein buss. Først deler dei understellet i to for å tilpasse lengda som kunden har bestilt. Så byggjer dei karosseriet og strekker fleire kilometer med kablar inne i veggane. Den elektriske sentralen er det Vest-gruppa som har utvikla i samarbeid med produsenten. På eit år rullar rundt 200 bussar ut frå fabrikken i Stryn.

Ny buss på veg til kunde

Ein av desse er kanskje på heimstaden din.

Heim til Stryn!

Sendinga handlar óg om heimbygda mi. Stryn er kanskje mest kjent for turisme og store fotballspelarar. Stryn med sin natur er rekna som Vestlandets største turistkommune. Både sommar og vinter står ein på ski med mektige fjell som ramme. For fotballfrelste er Flo eit namn som er skrive inn i historia.

Stolt og audmjuk

Det er med stoltheit eg ynskjer velkomen til min heimstad i fredagens Norge Rundt. Begrepet "Fagre Stryn" vart skapt av komponisten Per Bolstad.

Utsikt frå Meland i Fagre Stryn
Foto: NRK

Valsen er nemlig den mest spelte i ynskjekonserten. Å trakke sine barnesko på ein slik plass - og med slik natur som kulisser - gjer meg både stolt og audmjuk. Derfor vil eg, uansett kvar eg er i verda, søke tilbake til heimbygda mi til Fagre Stryn!

Fagre Stryn