Av
ogMed nettprogrammet Music Delta kan skuleelevar remikse kjente låter og skape sine eigne musikkvideoar.
Det bergensskapte programmet er verdsleiande innan digital musikkundervisning, og står sentralt når musikkfestivalen Bergenfest startar for fullt i dag.
Aktiv musikkdeltaking
Midt i skuletida får elevane Fredrik og Morten gå på konsert med hip hop-bandet Little Brother. Konserten er ein del av musikkfestivalen Bergenfest sitt ungdomstilbod, som femnar vidare enn dei tradisjonelle, passive musikkopplevingane. For i tillegg til konsertar tek festivalen i bruk musikkprogrammet Music Delta for å inspirere dei unge til sjølve å skape musikk.
- Det er kjempebra og veldig kreativt, stemmer Fredrik og Morten i. Dei har prøvd ut programmet, og gjev det sine beste skussmål.
Proff utan opplæring
Music Delta er skapt av Grieg Music Education i samarbeid med Bergenfest. Her inne kan elevane finne musikken til artistane som tek del i festivalen, og remikse sine eigne versjonar av låtane deira.
- Her kan ein lage sin eigen musikkproduksjon, heilt enkelt og utan å kunne noko spesielt om det frå før eller behøve å gå vegen om teorien, seier Gisle Johnsen.
Han har opna det internasjonale elektroniske læringssystemet It's Learning. Der inne har han, som skuleelevar over heile verda, tilgong til musikkprogrammet Music Delta.
- Dette er ein ny måte å undervise i musikk på. Vi tek i bruk den nye teknologien som barn og unge brukar i kvardagen når dei er på nettet og kommuniserar med kvarandre, og brukar den til å lage undervisningsopplegg.
Internasjonalt og interaktivt
Music Delta har mellom anna blitt presentert for Kina sin handelsminister og blir nytta i Kina. Målet er at elevar skal kunne samarbeide om musikkprosjekt på tvers av landegrensene. No skal Grieg Music Education samarbeide med Bergen Filharmoniske Orkester for å styrke den klassiske delen av musikkprogrammet, i tillegg vil dei betre fagtilbodet på Music Delta.
- Vi har fått i stand avtaler med mange forfattarar som vil publisere bøkene sine i dette systemet, slik at bøkene blir meir levande. Når det gjeld musikkbøker så er skilnaden stor - i staden for å berre presentere noter, så har ein her verktøy som gjer brukarane interaktive.
Framtidas musikkundervisning
Også lærekreftene set pris på tilbodet. Knut Aakre trur dette er framtidas måte å undervise musikk på.
- Det betyr at musikkundervisninga blir meir sjølvstyrt for elevane, og det blir meir tidsaktuelt. I motsetnad til lærebøker så er jo dette eit verktøy som kan oppdaterast heile tida.